Flyktningkonvensjonen
Flyktningkonvensjonen[1][2][3], i norsk lovverk kalla Konvensjon om flyktningers stilling,[4] er ein konvensjon som blei utarbeidd av Dei sameinte nasjonane (SN) i kjølvatnet av andre verdskrigen for å sikra at alle flyktningar får dei universelle menneskerettane som er formulerte i Menneskerettserklæringa frå 1948.[5]
Konvensjonen blei vedtatt av generalforsamlinga i SN den 28. juli 1951, og kom i kraft 22. april 1954,[6] etter at han var ratifisert av 35 statar. Den opphavlege konvensjonen tok berre for seg europearar som hadde flykta før 1951, i praksis folk som hadde flykta som følgje andre verdskrigen. Ein tilleggsprotokoll til flyktningkonvensjonen vedtatt i 1967 gjorde reglane i konvensjonen gjeldande for alle, uansett kva tid dei flykta og kva stad dei flykta frå.[7]
Flyktningkonvensjonen definerer i artikkel 1 a kven som blir rekna som flyktning og gir alle flyktningar rett til å søka vern mot forfølging.[5] Den enkelte staten bestemmer kven som blir omfatta av vilkåra, og dette kan ha ulik tolking i dei enkelte statane.[5]
Non refoulement-prinsippet i artikkel 33 er mest sentralt i vernet og er forbodet mot å returnera flyktningar til heimlandet eller til eit anna utrygt område.[5] Flyktningkonvensjonen gjev òg nokre viktige rettar for flyktningar som rett til arbeid, utdanning, rett til å organisera seg og tilgang til domstolane i landet.[5]
Kjelder
endre- ↑ FN-sambandet. Flyktningkonvensjonen. Besøkt 19. november 2018.
- ↑ Ole Kristian Fauchald og Bård Sverre Tuseth, red. (2012). Global and Regional Treaties 2012. Department of Public and International law, University of Oslo. s. stikkordregister. ISBN 978-82-8063-114-5.
- ↑ Magnus Buflod, Knut Anders Sannes og Kristoffer Aasebø, red. (2008). Folkerettslig tekstsamling 1883-2007 (4. utg.). Cappelen akademisk forlag. s. «Kronologisk register», stikkordregister side 961 og sidene 282-290. ISBN 978-82-02-27395-8.
- ↑ «Konvensjon om flyktningers stilling - Lovdata», lovdata.no, henta 16. oktober 2023
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 Vegard Bø Bahus (20. juni 2018). «flyktningekonvensjonen». Store norske leksikon. Henta 16. september 2018.
- ↑ «FNs konvensjon om flyktningers stilling». Utlendingsdirektoratet. 28. juli 1951. Henta 16. september 2018.
- ↑ «Flyktningkonvensjonen», www.fn.no (på norsk), 7. juli 2023, henta 16. oktober 2023
- Denne artikkelen bygger på «Flyktningkonvensjonen» frå Wikipedia på bokmål, den 16. oktober 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- SN sin høgkommissær for flyktningar (UNCHR)
- Konvensjon om flyktningers stilling ved lovdata.no