Fonetikk (av gresk φωνή phōnḗ 'lyd'), òg kalla lydlære eller språklydlære, er ei grein av lingvistikken som omfattar læra om språklydar. Som vitskapleg disiplin freistar fonetikken å skildre og forstå fenomen og prosessar i tale som er aktive når menneske snakkar saman - eller freistar å snakke saman. Fonetikk er såleis studiet av korleis mennesket produserer språklydar, korleis desse språklydane breier seg som lydbølgjer og korleis mennesket oppfattar desse lydbølgjene. Fonetikken står i eit kryssingspunkt mellom lingvistikk, anatomi, fysiologi, aerodynamikk, akustikk og psykologi.[1]

Tverrsnitt av eit menneskehovud, som mellom anna viser talekanalen.
Munnleg kommunikasjon.

Hovudgreinene av fonetikken

endre

Sidan fonetikk er studiet av korleis mennesket produserer språklydar, korleis desse språklydane breier seg som lydbølgjer og korleis mennesket oppfattar desse lydbølgjene, er det vanleg å rekne med at fonetikken har tre hovudgreiner:

Bibliografi

endre
  • Endresen, Rolf Theil (1991), Fonetikk og fonologi. Ei elementær innføring, Oslo: Universitetsforlaget 
Fotnotar
  1. Endresen 1991, s. 15
  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.