For the Roses
Album av Joni Mitchell
Utgjeve November 1972
Innspelt 1972
Studio A&M, Hollywood, California
Sjanger Folkrock, softrock, jazz
Lengd 40:20
Selskap Asylum
Produsent Joni Mitchell
Joni Mitchell-kronologi 
Blue
(1971)
For the Roses Court and Spark
(1974)


For the Roses er det femte studioalbumet til den kanadiske visesongaren Joni Mitchell, gjeve ut i november 1972 mellom dei to største kommersielle suksessane og best omtalte albuma hennar - Blue og Court and Spark. Trass i dette vart albumet i 2007 valt ut som ei av 50 innspelingar dette året som Library of Congress la til i National Recording Registry, som det einaste av Mitchell sine album.[1]

Albumet er kanskje mest kjend for hitsingelen «You Turn Me on I'm a Radio», som Mitchell skreiv sarkastisk etter at plateselskapet ønskte ein radiovennleg song. Singelen vart verkeleg ein hit og nådde 25. plass på Billboard Hot 100-lista, og vart den første songen hennar på Topp 40 gjeven ut under hennar eige namn (som låtskrivar hadde fleire andre artistar teke songane hennar til høgare plasseringar). «Cold Blue Steel and Sweet Fire» er eit truande og jazzaktig portrett av heroinmisbruket til den dåverande kjærasten James Taylor og den Beethoven-inspirerte «Judgement of the Moon and Stars» var òg populær.

Bakgrunn endre

Somme av songane var inspirert av forholdet mellom Mitchell og James Taylor i 1970 og 1971. Trass i vanskane hans, kjende Mitchell tydelegvis at ho hadde funne ein person som ho kunne knytte seg til. I mars 1971 slo Taylor gjennom som artist og dette skapte vanskar i forholdet diera. Ho var visstnok knust då han til slutt enda forholdet deira.[2] I november 1971 var han blitt kjæraste med Carly Simon, som han gifta seg med eit år seinare.

Songar endre

«Banquet» skildrar eit metaforisk bord der «some get the gravy / Some get the gristle... and some get nothing / Though there's plenty to spare» («somme får sausen, somme får brusken...og somme får ingenting, sjølv om det er mykje å avsjå»). «Barangrill» har eit komplekst arrangement og er ein lettare og munter song om det enkle livet på rasteplassar langs vegen som ein metafor for i søken etter å «finne seg sjølv», men der ein vert stadig meir utolmodig om å nå fram til målet.

«Lesson in Survival» er den første av kjærleikssongane, om lengsel etter meir privatliv og ein kjærleik for naturen. «Let the Wind Carry Me» stiller tankar om eit meir stabilt og vanleg liv opp mot eit sterkt ønske om å leve i fullstendig fridom. Tittelsporet er både eit sjølvportrett og ei kjølig vurdering om frustrasjonen og tristheita ein kan kjenne på når kjærasten er ein kjendis, og handtere utfordringane ved kjendistilvære.

Den andre sida opnar med «See You Sometime», som omhandlar flytande kjensler, som sjalusi romantisk konkurranse. «Electricity» snakkar om det enkle og stille livet på landsbygda mot korleis folk i det moderne samfunnet umedviten tenkjer på seg sjølv som maskinar, og ein trur han var inspirert av kjærleikstrekanten ho opplevde på denne tida. «Woman of Heart and Mind» er eit portrett av ein kjæraste med feil og det kompliserte i å vere kjenslemessig involvert.

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [3]
Christgau's Record GuideA[4]
Encyclopedia of Popular Music     [5]
The Great Rock Diskografi7/10[5]
Music Story     [5]
MusicHound Rock     [6]
Pitchfork9.1/10[7]
The Rolling Stone Album Guide     [5]

For the Roses fekk god kritikk då det kom ut.

The New York Times skreiv i 1973: «Kvar av songane til Mitchell på For the Roses er eit praktstykke som stråler med hennar elegante språkbruk, hennar tidvise ironi og hennar perfekte forming av bilete. Mitchell talar aldri om ein tanke eller kjensle på vanleg måte. Ho er eit låtskrivar- og songgeni som gjer at me ikkje kan kjenne oss einsame».[8] Stephen Davis i Rolling Stone applauderte evna songaren hadde til å utforske ei rekkje emosjonelle perspektiv, nokre gonger i løpet av ein enkelt song: «Hennar store sjarm og vidd, hennar intense vokale skodespel og formuleringsevner (måten ho vel å handtere eit enkelt ord på kan endre kjensla av heile songen) og den reine krafta og spaninga i nærværet hennar fører alt saman og får det til å skine.»[9] Randall Davis i Arcadia Tribune synest det var vanskeleg å analysere, men syns til sjuande og sist at det var «eit særs fint album, behageleg å lytte til og, som alltid med Joni, er det full av sensitive, meiningsfulle tekstar plassert mot ein lett rock med folkeakige rytmar.»[10] I The Michigan Daily kalla Mike Harper det årets folkrockalbum, «djupt personleg, og tidvis sjølvfornektande alvorleg» og sa «dette albumet manglar uskulda til til dømes Ladies of the Canyon men det albumet oppnår med kvinneleg hjarte og visdom er umiskjenneleg større: For the Roses oppfyller kjenslene oppriktig, men likevel ekte i ordets beste forstand.»[11]

For the Roses vart kåra til det sjuande beste albumet i 1972 på årslista til Robert Christgau for Newsday.[12] I meldinga si for Creem sa han at musikken ikkje var like livleg som på «All I Want» på Blue og at dei trongsynte tekstane reduserte røysta hennar, men til slutt såg han på albumet som eit «merkverdig verk» og årets estetisk mest dristige plate. «Mitchell har integrert dei rare skifta i røysta hennar til noko som nesten kling som 'klassisk' musikk', skreiv Christgau og kalla det «hypnotisk når du gjev det ein sjanse til å fungere».[13] Det vart røysta fram til 148. plassen i tredjeutgåva av Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums (2000).[14]

I 2007 la Library of Congress albumet inn i National Recording Registry. I eit skriv i samband med dette skreiv Cary O'Dell at plata var «første gongen Mitchell tok eit steg mot jazz, ein sjanger, som dei neste åra kom til å dominere kunsten hennar.»[15]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Joni Mitchell.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Banquet»3:01
2.«Cold Blue Steel and Sweet Fire»4:17
3.«Barangrill»2:52
4.«Lesson in Survival»3:11
5.«Let the Wind Carry Me»3:56
6.«For the Roses»3:48
Side to
Nr.TittelLengd
7.«See You Sometime»2:56
8.«Electricity»3:01
9.«You Turn Me On, I'm a Radio»2:39
10.«Blonde in the Bleachers»2:42
11.«Woman of Heart and Mind»2:38
12.«Judgement of the Moon and Stars (Ludwig's Tune)»5:19

Medverkande endre

¨Teknisk
  • Henry Lewy – lydteknikar, produksjonsrettleiing
  • Anthony Hudson – kunstnarisk leiar, design
  • Joel Bernstein – fotografi

Kjelder endre

  1. «The National Recording Registry 2007 : National Recording Preservation Board (Library of Congress)». Loc.gov. 13. mai 2011. Henta 24. januar 2021. 
  2. Bego, Mark (26. mai 2005). Joni Mitchell. Google Books. ISBN 9781461662020. Henta 24. januar 2021. 
  3. Cleary, David. For the RosesAllmusic. Henta 24. januar 2021.
  4. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: M». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 24. januar 2021 – via robertchristgau.com. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 «Joni Mitchell For the Roses». Acclaimed Music. Arkivert frå originalen 30. september 2015. Henta 24. januar 2021. 
  6. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 769. ISBN 1-57859-061-2. 
  7. «Joni Mitchell: The Studio Albums 1968–1979 | Album Reviews». Pitchfork Media. 9. november 2012. Henta 24. januar 2021. 
  8. «The New Woman». The New York Times. 11. februar 1973. s. 162. Henta 24. januar 2021. 
  9. Davis, Stephen (4. januar 1973). «Joni Mitchell For The Roses > Album Review». Rolling Stone (125). Arkivert frå originalen 12. mars 2007. Henta 26. juli 2006. 
  10. Davis, Randall (14. desember 1972). «Musical Notes». Arcadia Notes. Henta 24. januar 2021 – via JoniMitchell.com. 
  11. Harper, Mike (9. januar 1973). «Looking back at '72…records to remember». Michigan Daily. Henta 24. januar 2021 – via JoniMitchell.com. 
  12. Christgau, Robert (31. desember 1972). «Choice Bits From a 'Sorry' Year». Newsday. Henta 24. januar 2021. 
  13. Christgau, Robert (March 1973). «The Christgau Consumer Guide». Creem. Henta 7. mars 2017. 
  14. Colin Larkin, red. (2000). All Time Top 1000 Albums (3rd utg.). Virgin Books. s. 87. ISBN 0-7535-0493-6. 
  15. O'Dell, Cary (2007). «For the Roses» (PDF). Library of Congress. Henta 24. januar 2021.