Opna hovudmenyen

Forbrukar- og administrasjonsdepartementet

Forbrukar- og administrasjonsdepartementet er eit tidlegare norsk departement.

Departementet vart oppretta den 8. mai 1972, under Regjeringa Bratteli I.

Departementet kom for ein stor del i staden for Familie- og forbrukardepartementet, som vart lagt ned samtidig. Inger Louise Valle, som hadde vore statsråd i Familie- og forbrukardepartementet vart den første statsråden i det nyoppretta Forbrukar- og administrasjonsdepartementet.

Departementet vart lagt ned under Regjeringa Syse, den 31. desember 1989. Frå 1. januar 1990 vart familie- og forbrukarsakene behalde i det nye Familie- og forbrukardepartementet. Og frå same dag vart administrasjonssakene saman med arbeidssakene frå Kommunal- og arbeidsdepartementet ført over til det nyoppretta Arbeids- og administrasjonsdepartementet.

HistorieEndra

Departementet har fleire gongar skifta namn og delvis oppgåver.

Sjå ogsåEndra

KjelderEndra