Fordøyingssystem

(Omdirigert frå Fordøyelsessystemet)

Fordøyingssystemet er ein slangeforma kanal som fordøyar mat. Han byrjar ved munnhòla og sluttar i endetarmsopningen (anus) hjå dei fleste fleircella dyr, og er såleis ein del av anatomien til dei fleste dyra, sjølv om både utforming og lengd varierer med arten. Fordøyingssystemet blir òg omtalt som fordøyingskanalen, fordøyingstrakta og i zoologien ofte som tarmen. Hjå mennesket er totallengda ca. 8 meter. Alle pattedyr har ein liknande fordøyingskanal, men oppbygginga av organa kan variera noko. Hjå andre dyr kan både samansetjinga og oppbygginga til organa variera.

Fordøyingssystemet til mennesket

OppdelingEndra

Fordøyingssystemet inkluderer sju organ og seks kjertlar eller cellevev med kjertelliknande funksjon (kjertelceller eller cellekjertlar). Dette er i tillegg til munnhòla (Cavum oris) og endetarmsopningen (anus) òg (i rekkjefølgje) svelget (Farynx), spiserøyret (Oesofagus), magesekken (ventrikkelen), tynntarmen (duodenum, jejunum og ileum), tjukktarmen (colon) og endetarmen (rectum). I samband med fordøyingskanalen finst òg ei mengd kjertlar, som spyttkjertlane, levra, galleblæra og bukspyttkjertelen. I tillegg finst det magekjertlar og tarmkjertlar, som begge eigenleg er cellevev med kjertelfunksjonar (kjertelceller) som sit i slimhinnene i høvesvis magesekken og tynntarmen.

PrimæroppgåveEndra

Primærfunksjonen til fordøyingssystemet er å fordøya mat. Sjølve fordøyinga er ein prosess for å bryta ned næringsstoff til så små einingar (molekyl) at dei kan takast opp i sirkulasjonssystem og spreiast ut til cellene i kroppen, som nyttegjer næringseiningane som energi og byggeklossar til å reparera, vedlikehalda og danna nye celler og nytt vev som kroppen treng.

Organ og funksjonarEndra

Munnhòla, spyttkjertlane, svelget og spiserøyretEndra

For meir om dette emnet, sjå munn, spyttkjertel, svelg og matrøyr.

Munnhola (latin cavum oris) er starten på fordøyingssystemet. Hjå mennesket startar fordøyinga gjennom at maten blir delt opp i mindre bitar av tennene og tilsett spytt frå spyttkjertlane. Spyttet blandar seg med dei stadig mindre matbitane ved hjelp av tunga og tygginga. Mange dyr slukar maten heil (til dømes reptil), medan andre berre såvidt deler han opp (som hundedyr), utan å tilsetja særleg spytt som inneheld fordøyingsenzym.

Spytt frå menneske er basisk (pH høgare enn 7) og inneheld enzymet amylase som spaltar stivemolekyl frå polysakkarider til disakkarider. Spyttet drep bakteriar og bidreg òg til å bløyta opp maten slik at han blir lettare å svelgja. Når oppdelinga er ferdig og maten togge, blanda og fordelt, blir han skoven (bolus) ned i svelget av tunga.

Svelget er den delen av fordøyingssystemet som ligg bak munnhòla og framfor spiserøyret. Hjå pattedyr er svelget der fordøyingskanalen og luftvegane kryssar kvarandre, populært kalla strupen (eit ord som gjerne òg omfattar stemmebandet).

Etter at maten er toggen, dyttar tunga han bakover til svelget. Dette set i gang ein svelgjerefleks, der mange musklar samarbeider om å pressa maten ned i spiserøyret. Opninga opp til nasehòla blir stengd, og strupeloket legg seg over luftrøyret.

Spiserøyret bind svelget saman med magesekken. Det er omtrent 25 cm langt. Spiserøyret passerer gjennom mellomgolvet (diafragma) før det endar opp i magesekken. Akkurat der spiserøyret går over i magesekken er spenninga i det sirkulæret muskulaturen særskild stor, og mageringmuskelen (sfinkter) blir berre slappa av når mat skal passera inn i magesekken. Dette hindrar at mageinnhaldet renn attende (refluks) til spiserøyret og skapar såkalla halsbrann.

MagesekkenEndra

For meir om dette emnet, sjå magesekk.

Magesekken, eller ventrikkelen, er den romlegaste delen av fordøyingskanalen. Han er forma som ei sterkt krumma, noko flatklemt pære og sit i andre enden av spiserøyret. Hjå mennesket har magesekken eit volum på ca. 50-150 ml når han er tom, men han utvidar seg til ca. 1-1,5 liter når ein har ete. I ekstreme tilfelle kan han utvida seg til å romma heile 4 liter. Dyr kan ha betydeleg mindre eller større magesekk. Nokre dyr har òg ein magesekk som er inndelt i kammer, til dømes drøvtyggjarar og kvalar. Andre dyr igjen, som ulvar og hundar, har ein magesekk med to delar som gjer at magesekken kan auka volumet når dyret et tilstrekkeleg med mat.

I celleveggene sit det musklar (magemusklane) og små celler (magekjertlar) som skil ut magesyre, ei sur (pH 1-3 hos menneske, ofte noko surare hos rovdyr) væske som består av saltsyre (pH 0,9), enzym (pepsin), slim og vatn. Den sure magesyra nøytraliserer det basiske spyttet som blir tilført maten i munnhòla. Enzyma i magesyra bryt ned store molekyl til mindre einingar, samstundes som rørslene til magemusklane eltar og fordeler maten. Enzymet pepsin byrjar å spalta protein til aminosyrer. Dette pågår normalt i 3-4 timar, før den no tyntflytende kymusen (blandinga) gradvis blir tilført byrjinga av tynntarmen (tolvfingertarmen).

TynntarmenEndra

For meir om dette emnet, sjå tynntarm.

Tynntarmen er ca. 4-6 meter lang hos menneske, men lengda kan variera mykje hos andre dyr. Han består av tre delar: Duodenum (tolvfingertarmen) er den første (innleiande) delen av tynntarmen og utgjer ca. 25-30 cm. Han blir kalla tolvfingertarmen kalla fordi han utgjer tverrbreidden av tolv fingrar. Jejunum er den andre delen av tynntarmen, og ileum den siste delen. Tynntarmen utgjer den viktigaste delen av fordøyingskanalen.

Frå cellevegane i tynntarmen blir det skild ut enzym som fullfører nedbrytingan av næringsstoff, som i denne delen av tarmen blir så små at dei kan absorberast. Den folda slimhinna i tynntarmen er besett med millionar av små utvekstar som blir kalla tarmtottar (villi). Tarmtottane syg opp næringsstoffa og overfører desse til cellene i kroppen via blod- og lymfekarnettet.

Tolvfingertarmen, levra, galleblæra og bukspyttkjertelenEndra

For meir om dette emnet, sjå tolvfingertarm, lever, galleblære og bukspyttkjertelen.

Tolvfingertarmen kan seiast å vera eit blande- og nøytraliseringspunkt øvst i tynntarmen. Nedbrytinga av feitt byrjar i denne delen av tarmen, medan nedbrytinga av karbohydrat og protein held fram her. Når den no tyntflytande næringsblandinga forlèt magesekken kjem ho først inn i tolvfingertarmen, der ho blir tilsett bukspytt frå buksypyttskjertelen via bukspyttkanalen. Dette skjer gjennom at kroppen sender ut signalstoff (hormon) til bukspyttkjertelen, som så tømmer produktet sitt i tolvfingertarmen.

Bukspyttet er sterkt basisk bikarbonat som nøytraliserer den sure magesafta, som elles ville kunna skada tarmen. Bukspyttet inneheld dessutan ulike basiske enzym. Trypsin spaltar protein til aminosyrer, amylase spaltar polysakkarid og disakkarid til monosakkarid, og lipase spaltar feitt til alkoholen glyserol og feittsyrer.

I same punkt i tolvfingertarmen blir òg galle tilført via gallekanalen frå galleblæra. Gallen blir laga i levra som overfører han til lagring i galleblæra. Der blir gallen konsentrert og overført til tolvfingertarmen etter behov. Også dette skjer gjennom at kroppen sender ut signalstoff (hormon) til galleblæra, som så tømmer produktet sitt i tolvfingertarmen.

Gallen hjelper til med å spalta feitt og finfordeler det, slik at enzyma som spaltar feittet får maksimale arbeidsvilkår.

Jejunum og ileumEndra

For meir om dette emnet, sjå jejunum og ileum.

Jejunum utgjer ca. 2,5-4 meter av tynntarmen hjå mennesket og følgjer direkte etter den 25-30 cm lange tolvfingertarmen. Størstedelen av den kjemiske fordøyinga og absorpsjonen skjer her, sjølv om absorpsjon skjer i heile tarmen. Slimhinnefoldene er størst og mest talrike i jejunum og forsvinn omtrent i nedre del av ileum.

Ileum utgjer ca. 1,5-2 meter av tynntarmen hjå mennesket og følgje etter jejunum. Han endar opp i ileocøkalklaffen, koplingpunktet mellom tynntarmen og tjukktarmen.

 
Overgangen mellom tynntarm og tjukktarm

Ca. 95 % av mage-tarminnhald blir absorbert i tynntarmen. Innhaldet i tarmen rører seg gjennom han med såkalla kontraksjon, ei rytmisk samantrekking og avslapping som blir etterfølgd av nye. Innhaldet vlir flytta på denne måten både fram og attende i tarmen (mange gonger), samstundes som det sakte blir pressa framover. Rørslene til tarmen er òg kjende som motilitet. Når mesteparten av tarminnhaldet er absorbert, blir segmenteringsrørslene erstatta av svake peristaltiske rørsler som fører til at tarminnhaldet blir ført ganske langsamt vidare.

TjukktarmenEndra

For meir om dette emnet, sjå tjukktarm.
 
Dei fire delane av tjukktarmen og (5) endetarmen

Tjukktarmen består av dei fire delane colon ascendens (første del, den oppstigande tjukktarmen), colon transversum (andre del, den tverrgåande tjukktarmen), colon descendens (tredje del, den nedgåande tjukktarmen) og colon sigmoideum (siste del, den S-forma tjukktarmen). Hjå menneske utgjer denne tarmen ca. 1-1,5 meter.

Rørsla i tjukktarmen liknar på den i tynntarmen, men er mykje langsamare. Det er individuell variasjon mellom menneske, men innhaldet kan opphalda seg i tjukktarmen i opp mot 18-24 timar. Hjå andre dyr er variasjonen endå større. Hjå menneske opptrer den gastrokoliske refleksen gjerne 3-4 gonger om dagen, ofte i samband med måltid, og utløyser kraftige kontraksjonar der 20-30 cm lange segment av tarmen trekkjer saman seg og pressar innhaldet framover mot endetarmen. Refleksen blir sett i gang ved at utviding av magesekken og tolvfingertarmen utløyser lange refleksar som påverkar tjukktarmen.

I tjukktarmen blir størstedelen av væska frå fordøyingskanalen absorbert. Tarmen tek òg opp salt. Fordi tjukktarmen er forholdsvis roleg gjennom store delar av døgnet, særleg når ein søv, skapar miljøet grobotn for bakteriar, for det meste såkalte kolibakteriar. Kolibakteriane produserer K-vitamin og B-vitamin som òg blir absorberte frå tarmen.

Endetarmen og endetarmsopningenEndra

For meir om dette emnet, sjå endetarm.

Endetarmen (rectum) er kring 10-15 cm lang og nedre del er utvida (rektumampullen). Her blir avføringa lagra til ho forlèt kroppen via analkanalen og endetarmsopningen.

Tarmen bøyer seg nedanfor halebeinet før han går over i den trongare analkanalen (canalis analis), som gjerne er ca. 4 cm lang. Analkanalen har to kraftige lukkemusklar ved endetarmsopningen (anus). Den indre analringmuskelen tilsvarar det indre sirkulæret laga av glatt muskulatur i fordøyingskanalen. Den ytre analringmuskelen er ein viljestyrt tverrstripa muskel. Kanalen gjennomborar bekkenbotnen og opnar seg på overflata gjennom endetarmsopningen (anus).

Plager og sjukdommarEndra

Dei fleste sjukdomar i fordøyingssystemet råker berre ein del av systemet. Til dømes kan ein ha ulike plager i spiserøyret, i magesekken, i tolvfingertarmen, i tynntarmen, i tjukktarmen, i levra, i gallevegane og i bukspyttkjertelen.[1]

Bakterieflora og tarmgassEndra

I prinsippet kan ein seia at det finst to ulike typar bakteriefloraer i tarmkanalen; ein som er spesialisert på eit stabilt kosthald (m.a. hos rovdyr); og ein som er spesialisert på eit variert kosthald (m.a. hos menneske).

Hjå arter som har ein bakterieflora som er spesialisert på eit stabilt kosthald vil variasjon i kosten føre til at bakteriane i tarmkanalen freistar å omstilla seg. I denne prosessen dannar bakteriane såkalla tarmgass (flatus), som for det meste består av luft og metan, men òg andre ubehagelege gassar. Når tarmgassen blir sloppen ut gjennom endetarmsåpningen kallar ein det flatulens eller meir folkeleg fis eller promp. I ekstreme tilfelle kan slik gassdanning føra til diaré og påfølgjande dehydrering hjå dyr med stabile forventingar til kosthaldet. I verst fall kan dyr òg døy av det, men det er kanskje meir typisk at dyr som treng eit stabilt kosthald og ikkje får det, yter mindre og plagar omgjevnadane med ein ubehageleg odør (duftmolekyl).

Hjå menneske blir det som regel danna tarmgass når ein et tungtfordøyelege karbohydrat (kostfiber). Pasientar med funksjonelle tilstandar retinerer (held attende) mykje gass i tarmane og overreagerer på distensjonen (utspilingen av tarmen). Ved inflammatorisk tarmsjukdom kan det vera toksisk (giftig) sulfidgass som bryt ned mucosabarrieren (slimhinnebarrieren) slik at slimhinna ikkje lenger greier å halda bakteriefloraen i tarmlumen (tarmen sin innside, tarmrommet) tilbake.

Tarmgass blir danna i tjukktarmen. Korkje luft eller metan luktar særleg, så den ubehagelege lukta kjem frå andre stoff, særleg svovelsamband (hydrogensulfid og metylsulfidgassar), indol og skatol.

KjelderEndra

  1. «Fordøyelsessystemet». Pasienthåndboka.no. Henta 10. august 2007. 

LitteraturEndra