Forenkla kinesisk

(Omdirigert frå Forenkla kinesisk skrift)

Forenkla kinesisk (trad. 簡體中文, forenkla 簡體字, pinyin jiǎntizì) er ei skrift avleidd frå tradisjonell kinesisk skrift, og er eitt av to standardteiknsett for å skriva kinesisk. Skriftspråket blei utarbeidd og innført i 1950- og 1960-åra i Folkerepublikken Kina for å fremja lesekunne. Det er offisielt skriftspråk der og i Singapore, medan ein framleis bruker tradisjonell kinesisk i mellom anna Taiwan, Hongkong og Macao.

«Hanzi» med forenkla kinesisk skrift. Den tradisjonelle skrivemåten er 漢字.

Forenklinga skjedde ved at ein minska talet på strekar i mange teikn, bytte ein del teikn ut med former basert på enklare kursivteikn. Ei rekkje teikn blei planmessig forenkla gjennom at ein bytte ut kompliserte former overalt der dei fanst. Andre blei forenkla utan eit slikt mønster, og er dermed ofte svært ulike dei tradisjonelle teikna. Ei rekkje teikn i forenkla skrift er likevel uendra frå den tradisjonelle.

Forenklingsmetodar endre

Oversyn og døme på metodar:

  1. Utbreidde, kompliserte teikn blei bytt ut med enklare teikn i mange ord:
    • ; ; ; osb.
  2. Bruk av fonetiske ymbol:
    • ; ; ; osb.
  3. Fjerning av delar:
    • 广; ; ; osb.
  4. Prenta former av kursiv handskrift:
    • ; ; ; osb.
  5. Bruk av eldre, enklare kinesiske former:
    • ; ; ; osb.
  6. Nye samansetjingar av tilleggsstrekar:
    • ; ; ; osb.
  7. Nye samansetjingar av fonetiske teikn og tilleggstrekar:
    • ; ; ; osb.
  8. Samanslåing av teikn til eitt som høyrest likt ut:
    • ; ; ; osb.
  9. Samanslåing av fleire teikn til eit nytt eller forenkla teikn:
    • & ; & ; & ; osb.
  10. Systematisk forenkling av teikndelar:
    • ; ; ; osb.
    • ; ; ; osb.
    • ; ; ; osb.

Kjelder endre

  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.