Forkleding er det å få noko til å framstå som noko anna enn det det er, til dømes gjennom utkleding, sminke, endringar av frisyre og andre endringar av framtoning. Menneske kan forkle seg, men ein kan også snakka om at andre vesen forkler seg, eller ein kan «forkle» ting.

Paul Dukes, engelsk spion i Russland, kjend for sine mange forkledingar.

Ulike typar forkleding er mellom anna kjend i samband med historie, spionasje, mytologi, litteratur og matlaging. Ein kan bruka forkleding for å oppnå fordelar, som å få informasjon eller innpass stader ein elles ikkje ville nådd, for skjul eller flukt. Forkleding kan også brukast til forlysting, til dømes for å skapa ei overrasking eller ein absurd situasjon.

Ein edderkopp «forkledd» som gule blomar kan lettare fanga pollensankande insekt.

Naturleg forkleding endre

Forkleding er vanleg i naturen, der kamuflasje og mimikry er vanlege teknikkar. Ofte har dyr eller plantar ei utforming som gjer at dei kan gli inn i bakgrunnen av miljøet dei lever i. Dette kan dei oppnå ved hjelp av farge, i nokre høve ved å bytta farge etter høve, som fjellrevar, kameleonar og nakensniglar, eller form, som pinnedyr eller lauvgrashoppar. Andre dyr kan ha teikningar som etterliknar noko farleg, som mjølkesnok eller dagpåfuglauge, eller endra form til å likna andre dyr, som blekkspruten Thaumoctopus mimicus. Plantar kan forkle seg som dyr, som den flueliknande flueblomen (Ophrys apifera), eller som andre plantar, som dauvnesle (Lamium album), som ser ut som brennesle, men ikkje brenn.

Forkledingar i historia endre

I kultur og historie finst det ei rekkje døme på bruk av forkleding. Desse kan brukast til å bytta identitet i lengre eller kortare tid, til dømes ved at den forkledde gjer seg ut for å høyra til ei anna sosial eller folkegruppe, religion eller kjønn.

Ei svært vanleg form for forkleding er transvestittisme, der ein gjer seg ut for å ha anna kjønn enn det ein eigentleg har. Dette kan til dømes gjerast for å koma unna hindrande kjønnsroller. Det finst ei rekkje døme på at kvinner har kledd seg ut som menn for å kunna bli soldatar, sjøfolk og liknande. Fleire hundre forkledde kvinner kjempa i den amerikanske sjølvstendekrigen. Motsett kan menn kle seg ut som kvinner for å sleppa unna soldatlivet eller bli fanga i kamp.

Forkleding som gjev inntrykk av eit visst yrke eller ei stilling kan hjelpa til ved flukt og reise. Til dømes kunne den hardt pressa paven Aleksander III flykta frå Roma etter å ha kledd seg ut som ein vanleg munk. Svindlaren Frank Abagnale reiste verda rundt på gratis flyreiser han kunne få gjennom å kle seg ut som pilot.

Å gje seg ut for å tilhøyra ei anna folkegruppe eller religiøs innstilling enn det ein eigentleg har kan gje innpass til stader som elles ville vore stengde. Den britiske utforskaren Richard Burton vitja Mekka og Medina, der berre muslimar har adgang, på midten av 1800-talet ved å forkle seg som muslimsk pasjtun. På store delar av 1900-talet kunne utanforståande berre vitja Tibet i forkleding. Den japanske spionen Hisao Kimura kunne reisa fritt rundt i landet forkledd som mongolsk buddhistisk pilgrim.

Liknande forkledingar kan også vera til hjelp ved religiøse eller etniske forfølgingar. Under slavetida i USA flykta ekteparet Ellen og William Craft frå dei amerikanske Sørstatane ved at den lyshuda kona kledde seg ut som ein kvit plantasjeeigar. Ved delinga av Britisk India valde ein del religiøse minoritetar å ikkje flytta til nye heimland eller risikera livet som synleg minoritet, men forkle seg som majoriteten, til dømes muslimar som sikhar.

Forkleding i kulturen endre

Forkleding er ofte eit premiss for ei soge i mytologi, og nyare fiksjon. I nokre høve kler sogepersonar seg ut på måtar som er fullt ut moglege, eller ein leiar som kler seg ut som ein vanleg person. Ved andre høve kan forkledingane vera meir fantastiske og magiske, som ved at ein heilt byter ham.

Mytologiske forkledingar endre

 
I Hárbarðsljóð møter Tor ein viss «Gråskjegg» som truleg er Odin i forkleding. Illustrasjon frå 1908 av W.G. Collingwood.

Norrøn mytologi har ei rekkje døme på forkleding. Odin narrar både folk og gudar på sine vandringar i verda, som fortald i mellom anna Grimnesmål, Skáldskaparmál og Hárbarðsljóð. I Trymskvida kler Tor og Loke seg ut som kvinner for å vinna att hammaren Mjølne frå jotnane. Loke byter elles ham fleire gonger, gjerne for å stella til ugagn eller hjelpa æsene, til dømes som jotunkvinna som nektar å gråta for Balder eller ei hoppe som lokkar hesten Svadilfare frå arbeidet.

Også i gresk og romersk mytologi er det vanleg for gudar å forkle seg. Zevs (Jupiter) er kjend for å ta ei rekkje ulike former for å lura seg innpå og forføra dei han attrår, som ei ørn, ei svane, ein skur av gull, ein satyr, gudinna Artemis eller den rette ektemaken deira. Også maken hans, Hera, kan forkle seg som ulike menneske, ofte for å få hemn for sidespranga til Zevs, til dømes som ei gammal kvinne eller ei prestinne, og lurer mellom anna Jason og Semele.

 
Forkledde demonar i Ramayana: Maritsja som dådyr og Ravana som tiggar.

I hindumytologi finst det ei rekkje døme på at gudar, demonar, heltar og asketar byter skikkelse eller forkler seg. Soga om pandavabrørne i Mahabharata byrjar med ei forbanning mot far deira fordi han skyt ein hjort i paringsakta som viser seg å vera ein forkledd rishi (vismann) i hjorteham og kona hans. Seinare må dei fem pandavaprinsane og kona deira leva lenge i løynd, og kler seg mellom anna ut som brahminar og tenarar. Også guden Krisjna opptrer forkledd i soga. I Ramayana lurer to demonar Sita vekk frå Rama ved at den eine tek form av eit dådyr som Rama jaktar på medan demonkongen Ravana, forkledd som ein tiggande asket, lokkar Sita ut av den vernande heimen deira.

 
Heilage Cuthbert vaskar føtene til ein forkledd engel.

I jødisk og kristen tru opptrer englar som oftast i menneskeform, nokre gonger utan å gje seg til kjenne. I kristne førestillinga kan djevelen opptre som ein freistar i ulike former, til dømes som slangen i forteljinga om syndefallet, eller som fristar i ulike forteljingar om fromme folk. I Det nye testamentet åtvarar Paulus mot falske apostlar og seier at Djevelen kan kle seg ut som ein lysengel.

Forkleding som ein test endre

I soger og eventyr kan både gode og onde krefter opptre i forkleding for å testa menneskja. I norsk tradisjon er eventyra om «Vår Herre og Sankt Peter» som vandrar på jorda der dei løner godvilje og tru og straffar ugjestmilde og gjerrigheit. Motivet er kjend frå romersk tid i Ovid sin fabel om Baukis og Filemon, der Jupiter forkledd som menneske vitjar ein by for å finna ut kor gjestmilde folka der er, og i Tolstoj si kjende forteljing «Der det er kjærleik, der er Gud». Blant sikhar er soga om korleis guru Gobind Rai forkledde seg for å finna ut kor godt sikhar eigentleg behandla ukjende særs viktig for langartradisjonen.

Motsett kan freistarar i form av djevlar eller demonar også ta på seg ulike skikkelsar for å lura folk til synd. Nokre døme på djevelforkledingar finst i soga om heilage Dunstan, der djevelen opptrer som ei vakker ung kvinne, i Goethe si gjenforteljing av Faust-soga, der djevelen tek form som ein stor hund, eller operaen Grisélidis av Massenet, der djevelen forsøker lurer heltinna som ein slavehandlar og ein gammal mann.

Leik og moro endre

For meir om dette emnet, sjå Utkleding.
 
Forkledde «abyssinarar» anført av Horace de Vere Cole (til høgre) med Virginia Woolf heilt til venstre,

Forkleding kan også brukast til humor. Det er eit verkemiddel i mange komediar, der forviklingar oppstår gjennom at ein eller fleire figurar er forkledde. Shakespeare bruker forkleding til å driva fram handlinga og oppnå komiske miforståingar i fleire stykke. Ei interessant forkleding var kvinner som opptrådde som menn. På Shakespeare si tid blei kvinnerollene allereie spelte av unge gutar, slik at forkledinga i stykke får ei dobbel tyding.

I karnevals- og julebukkaktige tradisjonar frå heile verda kan deltakarar ønska å forkle seg slik at ingen kjenner dei att. Dette gjer det gjerne lettare å bryta samfunnskonvensjonar.

Ein kan også bruka forkledingar til å driva gjøn med folk. I ei hending kjend som «The Dreadnought Hoax» i 1910 kledde fleire vener frå Bloomsburygruppa seg ut som abyssinske kongelege og lurte seg til å få ei omvising på den britiske marinen sitt flaggskip, HMS «Dreadnought». Gapstrekar med forkledde deltakarar er også vanlege i skjult kamera-program.

Forkledde heltar endre

Heltar frå mange ulike tradisjonar kan kle seg ut, anten for å kunne utføra heltegjerningen sin eller for å gøyma seg vekk. Den kinesiske balladen om Mulan fortel om ei kvinne som forkler seg som mann for å ta faren sin plass i hæren i eit kjønnsrollebyte som er særs uvanleg for det gamle Kina.

I moderne superheltforteljingar lever heltane ofte dobbeltliv der omverda ikkje kjenner superheltidentiteten deira. Supermann lever til dømes som Clark Kent i det daglege medan Batman og Spiderman maskerer seg for å skjula sine verkelege identitetar som Bruce Wayne og Peter Parker. Fantomet maskerer seg både når han slost mot skurkar og når han kler seg ut som ein «vanleg mann» i møte med omverda.

Forkledde skurkar endre

Skurkar tek også i bruk mange ulike forkledingar. I nokre høve er skurkane ikkje menneskelege, men forkler seg slik at det verker som om dei er det. Forkledde ander, demonar, robotar, romvesen og anna går att i forteljingar og filmar. Mange typer folketru inneheld andre som kan ta menneskeform, som den nordiske huldra, det armenske monsteret nhang som kan ta form som ei kvinne eller ein sel, og dei japanske åndedyra kitsune (rev), bakeneko (katt), tanuki (mårhund), mujina (grevling) eller jorōgumo (edderkopp).

Ting endre

 
Fotoapparat kamuflert som fyrstikkeske til spionasjebruk.

Ein kan også forkle ting som noko heilt anna enn det dei er, av ulike grunnar, som av humor, fordi ein ønskjer å gøyma dei, eller for å spionasje. Ulike teknikkar i interiør- og landskapsarkitektur kan brukast til å skjula noko som er der, til dømes gjerde, veggar, dører, elektriske apparat, seifar og liknande.

Matlaging endre

 
Marsipan «forkledd» som frukt.

Forkledd mat går att i mange ulike samanhengar, og er kjend frå Romarriket og til vår dagar. Elegant forkledde retter var ein viktig del av festmåltid i mellomalderen, og blei brukt som underhaldning og statussymbol i England og Frankrike. Døme på slike retter (kjend som soltetie eller entremet) kunne vera ei kake forma som ein fisk, eller gris og hane sett saman og servert som fabeldyret «cockentrice».

I moderne tid kan ein forkle matvarer til festlege høve, som jul med til dømes fruits déguisés ('forkledd frukt') eller halloween med rettar som ser makabre ut, eller til å skjula mindre populære, men sunne matvarer, som fisk eller grønsaker.

Kjelder endre

Naturleg forkleding

Historie

A Japanese Agent in Tibet Arkivert 2016-07-01 ved Wayback Machine., Remembering The Masters

Kulturen

Ting