Forspelet til Charles Darwin sin evolusjonsteori

Forspelet til Charles Darwin sin evolusjonsteori handlar om idéskaping og arbeid som gjekk føre seg i tida før 1858, og om samarbeidet mellom Charles Darwin og fleire andre vitskapsfolk som overtydde Darwin om at teorien hans om danning av biologiske artar kunne gjerast offentleg kjend 1. juli 1858.

Alfred Russel Wallace og Charles Darwin var saman om å publisere ein ny evolusjonsteori i 1858, ein teori som Darwin utgreia i meir detalj i boka On the Origin of Species året etter. I motsetnad til Jean-Baptiste Lamarck, la Darwin framlegg om felles avstamming og eit livstre med forgreiningar, noko som fører med seg at to særs ulike artar kan dele ein felles stamfar. Teorien var basert på ideen om naturleg utval, og syntetiserte eit breitt spekter av indisium samla frå husdyravl, biogeografi, geologi, morfologi og embryologi.[1]

Forståing av artsdanning før Darwin endre

Tenking om evolusjon, forståinga av at artar endrar seg over tid, har røter i antikken, blant idéane til dei gamle grekarane, romarane og kinesarane samt i islamsk vitenskap i mellomalderen. Med biologisk taksonomi på slutten av 1600-talet, blei vestleg biologisk tenking påverka av to motseiande idéar. Den eine var essensialismen, trua på at alle artar har viktige eigenskapar som er ufråvikelege, eit konsept som hadde utvikla seg frå den aristoteliske metafysikken i mellomalderen, og som passer godt med naturteologi. Den andre idéen var utviklinga av den nye anti-aristotelisk tilnærminga til moderne vitskap: ettersom opplysningstida skreid fram, spreidde evolusjonær kosmologi og den mekaniske filosofien seg frå naturvitskap til naturhistorie. Naturforskarar tok til med å fokusere på variasjonen av artar. Framveksten av paleontologi med omgrepet 'utrydding' underminerte det statiske synet på naturen ytterlegare. I byrjinga av 1800-talet, kom Lamarck sin teori om omdanning av artar, den første komplette evolusjonsteorien.[1]

Charles Darwin viste til evolusjonære idéar så langt tilbake som til Aristoteles,[2][3] Tidlege kristne kyrkjefedrar og europeiske lærde i mellomalderen tolka den bibelske skapinga biletleg heller enn ei bokstaveleg historisk framstilling.[4] Organismar vart skildra ut frå mytologiske og heraldiske tydingar og dessutan ved den fysiske forma si. Naturen vart trudd å vere ustabil og lunefull, med formlause fødslar etter blanding av artar, og spontan generering av liv.[5]

 
Cuvier sin publikasjon frå 1799 om nolevande og fossile elefantar hjelpte til å etablere tydinga av utrydding i biologien

.

Den protestantiske reformasjonen inspirerte til ei bokstaveleg tolking av Bibelen, der skapingsomgrepet kom i konflikt med funna i ny vitskap som søkte forklaringar i samsvar med filosofien til René Descartes og induksjonsprov etter Francis Bacon. Etter omveltingane i den engelske borgarkrigen, ønskte Royal Society å vise at vitskapen ikkje truga religiøs og politisk stabilitet. John Ray utvikla ein innverknadsrik naturteologi med rasjonell orden. I taksonomien hans var artane statiske og faste, tilpassing og kompleksitet var utforma av Gud, og variantar viste små skilnader som skuldast lokale tilhøve. I Guds velvillige utforming, forårsaka rovdyra heldigvis rask død, men lidingane forårsaka av snylting var eit vondt problem. Den biologiske klassifisering som Carl von Linné la fram i 1735, såg òg på artar som fastsette i samsvar med den guddommelige planen. I 1766 foreslo Georges Buffon at liknande artar, som til dømes hestar og esel, eller løver, tigrar og leopardar, kan vere variantar som stammar frå ein felles stamfar. Ussher-kronologien frå 1650-talet hadde berekna skapinga til år 4004 f.Kr., men geologane på 1780-talet kom til at verda var mykje eldre. Wernerianarane trudde at lag i geologien var avsettingar frå krympande hav, men James Hutton la framlegg om ein sjølvopphaldande uendeleg syklus, i tråd med aktualitetsprinsippet.[6]

Bestefaren til Charles Darwin, Erasmus Darwin, skisserte ein hypotese om omdanning av artar i 1790-åra, og Jean Baptiste Lamarck publiserte ein meir utvikla teori i 1809. Begge tenkte at spontan generering produserte enkle former for liv som gradvis utvikla større kompleksitet, tilpassa miljøet ved å arve endringar frå forfedrar årsaka av bruk eller ikkje-bruk. Denne prosessen vart seinare kalla Lamarckisme. Lamarck trudde det var ein ibuande progressiv tendens til at organismar kontinuerleg utvikla større kompleksitet i parallelle, men åtskilte linjer utan utrydding.[7] Étienne Geoffroy Saint-Hilaire hevda at det skjedde omdanning av organismar etter rekapitulasjonsteorien i tidlegare epokar når miljøet verka på befrukta egg, og at strukturar i dyreanatomien vart avgjort av ein vedvarande, pågåande plan demonstrert av homologi i biologien. Georges Cuvier gjekk sterkt imot slike idéar, og hevda at ikkje-relaterte, faste artar viste likskapar som reflekterte ei utforming etter funksjonelle behov.[8] Det paleontologiske arbeidet hans på 1790-talet hadde etablert tydinga av konseptet «utrydding», forklart med lokale katastrofar, etterfølgt av framvekst av andre artar i dei påverka områda.[9]

I Storbritannia såg William Paley tilpassing som indisium for gunstig «design» gjort av Skaparen og konstituert gjennom naturlovane, i følgje naturteologien. Alle naturforskarar på dei engelske universiteta var prestar i den engelske kyrkja, og vitskapen vart eit søk etter desse naturlovane.[10] Geologar tilpassa katastrofane til å vise gjentatte verdsomspennande utryddingar og etablering av nye faste artar tilpassa eit endra miljø, og identifisere siste katastrofen å vere den bibelske syndflaumen.[11] Nokre anatomistar, som Robert Grant, vart påverka av Lamarck og Geoffroy, men dei fleste naturforskarane oppfatta tankar om omdanning av artar som eit trugsmål mot den guddommelege utnemnde sosiale orden.[12]

Første utviklinga av Darwin sin teori endre

Darwin reiste til Edinburgh i 1825 for å studere medisin. I det andre året sitt neglisjert han dei medisinske studia for å studere naturhistorie og brukte fire månader på å hjelpe Robert Grant si forsking på marine virvellause dyr. Grant avslørte entusiasmen sin for omdanning av artar, men Darwin avviste idéen.[13] Ved Universitetet i Cambridge, der Darwin begynte å studere i 1827, lærde Darwin vitskap som naturteologi av botanikaren John Stevens Henslow, og leste verk av William Paley, John Herschel og Alexander von Humboldt. Fylt med iver for vitskap, studerte han geologi hos Adam Sedgwick.[14][15]

 
I midten av juli 1837 Darwin starta B-notatboka om transmutasjon av artar, og på side 36 skreiv han «eg trur» over den første teikninga si av det evolusjonære treet

I desember 1831 vart han medlem av Beagle-ekspedisjonen som geolog og naturforskar. Han las Principles of Geology av Charles Lyell, og frå første stopp på land, på Santiago, Kapp Verde, fann ein nøkkel til forståinga av landskapet si geologiske historia i Lyell sin uniformitarianisme. Darwin oppdaga fossil som likna store beltedyr, og noterte den geografiske fordelinga av moderne artar i von om å finne sentrum for skapinga.[16] Ettersom HMS «Beagle» nærma England i 1836, noterte han at artar kanskje ikkje er uforanderlege.[17][18]

Richard Owen synte at fossil av utdøydde artar som Darwin hadde funne i Sør-Amerika likna nolevande artar på same kontinent. I mars 1837, kunngjorde ornitologen John Gould at «Darwin sin nandu» var ein eigen art ulik den tidlegare skildra nanduen, jamvel om territoria deira overlappa, akkurat som spottefuglar samla på Galapagosøyane representerte tre distinkte artar, kvar unik for ei bestemt øy, og at fleire ulike fuglar frå desse øyane alle var klassifisert som finkar.[19] I ein serie av notatbøker, spekulerte Darwin på om det er mogleg at «ein art endrar seg til ein annan» for å forklare desse funna, og rundt juli skisserte eit einskild evolusjonstre som eit ættetre, og dermed forkasta han Lamarck sine uavhengige utviklingslinjer som går vidare til stadig høgare former.[20][21][22] Utanom vanleg konvensjon, søkte Darwin svar hos oppdrettarar av raseduer og dyreoppdrettarar så vel som etablerte forskarar. I dyrehagen hadde han sitt første syn av ei ape, og vart djupt imponert over kor menneskeleg ein orangutang verkte.[23]

Mot slutten av september 1838 byrja han å lese Thomas Malthus sin An Essay on the Principle of Population med sitt statistisk argument for at menneskelege folkesetnader, viss uavgrensa, ville utvide seg og kjempe for å overleve. Darwin knytte dette til kampen for tilværet blant dyreliv og til botanikaren de Candolle sin warring of the species blant plantar; han såg umiddelbart for seg «ei kraft som hundre tusen kilar» pressar veltilpassa variasjonar inn i «hola i naturøkonomien», slik at dei overlevande førte vidare former og evner, medan ugunstige variasjonar blir utsletta.[24][25][26]Innan desember 1838 hadde han notert ein likskap mellom korleis oppdrettarar vel ut eigenskapar og Malthus sin natur som vel blant variantar kasta opp tilfeldig, slik at «alle delar av nyleg utvikla organiske strukturar blir gjennomført praktiske og perfeksjonerte».[27]

Darwin hadde no klar ramma for teorien om naturleg utval å arbeide med,[28] men han var fullt opptatt med karrieren som geolog og venta med å skrive ei skisse av teorien sin til boka om struktur og distribusjon av korallrev vart ferdigskriven i mai 1842.[29][30]

Vidareutvikling endre

Darwin heldt fram med forsking og omfattande revisjon av teorien sin medan han konsentrerte seg om å publisere vitskaplege resultat frå Beagle-ferda.[29] Han skreiv utkast til idéane sine til Lyell i januar 1842.[31] Deretter gjorde han ei 35-siders grovskisse med blyant av teorien.[32] Darwin byrja teoretisering i korrespondanse med botanikaren Joseph Dalton Hooker i januar 1844 og innan juli hadde han skisse til eit 230 siders essay, utvida med forskingsresultat for å publisere om han døydde tidleg.[33]

 
Darwin forska på korleis skallen på ulike duerasar varierer, som han viste i Variation of Plants and Animals Under Domestication frå 1868

I november 1844 publisert den skotske journalisten Robert Chambers ei populærvitenskapelige bok Vestiges of the Natural History of Creation som utvida den offentlege interessa for omgrepet omdanning av artar. Vestiges brukte prov frå fossil og embryologi for å stø kravet om at levande ting hadde gått frå det enkle til det meir komplekse over tid. Men boka la framlegg om ein lineær progresjon i staden for forgreiningar ved avstamming, og ignorerte tilpassing. Darwin las ho kort tid etter utgjevinga, og forakta den amatørmessige handsaminga av geologi og zoologi.[34]Vestiges fekk monaleg innverknad på opinionen, og den intense debatten bidrog til å bane veg for aksept av den meir vitskaplege sofistikert Origin ved å flytte diskusjon om evolusjonær utvikling inn i det etablerte vitskaplege miljøet. Medan nokre naturforskarar var villige til å vurdere omdanning, var Herbert Spencer ein aktiv forkjempar for Lamarckisme og progressiv utvikling på 1850-talet.[35]

Hooker vart overtalt til å ta med seg eit eksemplar av essayet i januar 1847 og gav endeleg ei side med notat til Darwin som sårt trengd tilbakemelding. Påmint om den manglande kompetansen Darwin hadde i taksonomi, byrja han ein åtte års studie av rankeføttingar, og vart den leiande eksperten på deira klassifisering. Ved hjelp av teorien sin, oppdaga han homologiar som viser at små endringar av kroppsdelar tener ulike funksjonar for å møte nye miljøtilhøve, og han fann eit mellomstadium i utviklinga av særkjønn.[36][37]

Studien av rankeføttingar overtydde Darwin om at variasjon oppstår heile tida og ikkje berre som svar på endra omstende. I 1854 fullførte han den siste delen av skrivinga etter Beagle-ekspedisjonen og byrja å arbeide heiltid på evolusjonsteorien. Tenkinga endra seg frå det synet at artar berre blir danna i isolerte populasjonar, slik som på øyar, til vektlegging av artsdanning utan isolasjon; det vil seie, han såg aukande spesialisering innanfor store stabile bestandar som kontinuerleg utnyttar nye økologiske nisjar. Han gjennomførte empirisk forsking med fokus på veikskapar med teorien sin. Han studerte utvikling og anatomiske skilnader mellom ulike rasar av mange domestiserte (avla) artar, vart aktivt involvert i rasedueavl, og med hjelp av sonen sin Francis, eksperimenterte han på måtar som plantefrø og dyr kan spreie seg over hava slik at dei koloniserer fjerntliggande øyar. Innan 1856 vart teorien hans mykje meir sofistikert, med mange indisium som stønad.[36][38]

Kjelder endre

Referansar endre

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 Første versjon av avsnittet er omsetting frå innleiinga i History of evolutionary thought frå Wikipedia på engelsk, den 16. mai 2014.
  2. Darwin 1872, s. xiii
  3. Darwin tok dette med i dei siste utgåvene av On the Origin of Species, teksten han siterer der er eit samandrag av idéane til den tidlegare greske filosofen Empedokles gjennom Aristoteles.
  4. Forster & Marston 1999, s. 26–27
  5. Bowler 2003, s. 27, 43, 45
  6. Bowler 2003, s. 27–36, 39–42, 57–62, 67, 70, 77–80
  7. Bowler 2003, s. 84–90
  8. Desmond 1989, s. 47–54
  9. Bowler 2003, s. 111–114
  10. Browne 1995, s. 91, 129
  11. Bowler 2003, s. 115–117
  12. Desmond & Moore 1991, s. 34–35
  13. Browne 1995, s. 80–88
  14. Bowler 2003, s. 148–149
  15. Browne 1995, s. 133–140
  16. Larson 2004, s. 59–62
  17. Keynes 2000, s. xix–xx
  18. Eldredge 2006
  19. Quammen 2006, s. 24–25
  20. Herbert 1980, s. 7–10
  21. van Wyhe 2008, s. 44
  22. Darwin's Notebook B: Transmutation of species. pp. 1–13, 26, 36, 74, henta 16 March 2009 
  23. Desmond & Moore 1991, s. 240–244
  24. van Wyhe 2009
  25. Larson 2004, s. 66–70
  26. Darwin's Notebook D: Transmutation of species. pp. 134–135, henta 8 April 2009 
  27. Darwin's Notebook E: Transmutation of species. p. 75, henta 14 March 2009 
  28. Darwin 1958, s. 120
  29. 29,0 29,1 van Wyhe 2007, s. 186–187
  30. Browne 1995, s. 436
  31. Desmond & Moore 1991, s. 292
  32. Browne 1995, s. 436–437
  33. van Wyhe 2007, s. 188
  34. Darwin Correspondence Project – Letter 814—Darwin, C. R. to Hooker, J. D., (7 January 1845), henta 24 November 2008 
  35. Bowler 2003, s. 135–140
  36. 36,0 36,1 Bowler 2003, s. 169–173
  37. Darwin 1958, s. 117–121
  38. Quammen 2006, s. 138–142

Bakgrunnsstoff endre