Forsvarsdepartementet i Russland

Forsvarsdepartementet i Den russiske føderasjonen (russisk Министе́рство оборо́ны Росси́йской Федера́ции, i daglegtalen berre Минобороны [Minoborony]) er eit føderalt organ som gjennomfører militærpolitiske vedtak i Russland.

Forsvarsdepartementet i Russland sitt emblem
Nasjonalt styringssenter for Forsvaret i Den russiske Føderasjon

Organet var oppretta 16. mars 1992 på basis av Forsvarsdepartementet i Sovjetunionen.[1] Departementet har ingen juridiske plikter i høve det tidlegare sovjetiske forsvarsdepartementet.[2]
10 540 personar arbeider i dette departementet i høve ein presidentordre frå 2016.[3]

Departementet fekk ny struktur i 2004 etter eit dekret frå president Vladimir Putin, og gjennomfører stadig justeringar i organisasjonen. Hovudkontoret ligger i Znamenka-gata 19 i Moskva. Forsvarsministeren heiter i 2017 Sergej Sjojgu. Han har vore forsvarsminister sidan 6. november 2012.

Samansetjing i 2017 endre

Øvsteleiing i 2017 inkluderte:[4]

  • Generalstabssjef – Armégeneral Valery Gerasimov (sidan 9. november 2012)
  • Nestkommanderande generalstabssjefRuslan Tsalikov (sidan 24. desember 2015)
  • Statssektretær – Armégeneral (pensjonert) Nikolay Pankov (sidan 13. september 2005)

Hovudkommandoar endre

Kommandoar endre

Einingar underlagde Forsvarsminsteriet i august 2012 inkluderte:[4]

  • Presse- og Informasjonsdirektorat
  • Kroppsøvingsdirektorat
  • Finansdirektorat
  • Militært helsedirektorat
  • Militært innkjøpsdirektorat
  • Militært eigedomsdirektorat
  • Militært ekspertsenter
  • Militært administrasjonsdirektorat
  • Direktorat for store militære investeringar
  • Departement for statleg konsum og kapitalforvaltning
  • Departement for statleg arkitektur og konstruksjon
  • Departement for sanatoriar og rekreasjon
  • Direktorat for bustader
  • Hovuddirektoratet for missil og artilleri (GRAU)
  • Departement for djuphavsforskning

Kjelder endre

  1. //giod.consultant.ru/documents/1233467 Указ Президента Российской Федерации от 16.03.1992 № 252 «О Министерстве обороны Российской Федерации и Вооружённых Силах Российской Федерации».]
  2. Указ Президента Российской Федерации «О создании вооружённых сил Российской Федерации» от 7 мая 1992 г., arkivert frå originalen 12. mai 2016, henta 21. april 2017 
  3. Сайт регнум.ру «Путин установил предельную численность штата министерств и ведомств.»
  4. 4,0 4,1 RF MOD website www.mil.ru, henta 17. april 2017.

Bakgrunnsstoff endre