59°54′16″N 10°44′27″E / 59.90444°N 10.74083°E / 59.90444; 10.74083 Forsvarsmuseet, forkorta FMU, er hovudmuseum for musea til det norske Forsvaret. Det ligg i bygg 62 på Akershus festning, eit av dei gamle militærarsenala (lagringsplass) frå 1860-åra inst på Festningsplassen. Forsvarsmuseet hadde tidlegare namnet Hærmuseet (endå tidlegare Artillerimuseet), og har difor stort sett materiell frå hæren. Museet har gratis inngang.

Forsvarsmuseet

StadOslo i Noreg
Skipa1946
MuseumstypeMilitærmuseum
DirektørRunar Gjerald
Nettstadhttps://forsvaret.no/kultur/museer/Forsvarsmuseet
Kart
Forsvarsmuseet
59°54′16″N 10°44′27″E / 59.90444444°N 10.74083333°E / 59.90444444; 10.74083333

Historie og hovudfokus endre

Muséet vart skipa i 1946 ved at Artillerimuseet (skipa i 1860) og Intendanturmuseet (skipa i 1928) vart slegne saman under namnet Hærmuséet. Til å byrje med var museet berre ope for militærpersonell, men vart opna for publikum i 1978 av kong Olav V under namnet Forsvarsmuséet.

Hovudformålet med museet er å vise norsk militærhistorie frå vikingtida til i dag, og fremje interessa for militærhistoria, særleg blant barn og unge. Museet har seks avdelingar:

  • Dei eldste tider, militærhistoria frå vikingtida til 1814.
  • 1814-1905, militærhistoria frå 1814 til 1905.
  • 1905-1940, militærhistoria frå 1905-1940.
  • 1940, militærhistoria frå 1940 til 1945 med fokus på landkrigen.
  • Sjøkrigen, militærhistoria frå 1940 til 1945 med fokus på sjøkrigen.
  • Etter krigen, militærhistoria frå 1945 til i dag.

I tillegg er det stundom spesialutstillingar.

Undermusea endre

Forsvarsmuseet har som oppgåve å vere hovudmuseum for undermusea i Forsvaret:

Skuletenesta endre

Formålet til Forsvarsmuseets skuleteneste er å skape interesse og kunnskap om historie generelt og norsk forsvarshistorie spesielt, med hovudfokus på skuleklasser.

Vernepliktige som museumsarbeidarar endre

Tidlegare var det vanlegvis vernepliktige, fem meinige og ein korporal, som utførte oppgåver som vakthald, administrativt arbeid, snikkararbeid og anna museumsarbeid. Dei vernepliktige var underlagt Akershus kommandantskap og «lånt» ut til Forsvarsmuseet. No har museet ein eller to lærlingar i kontor- og administrasjonsfag som hjelper til med administrasjon og museumsarbeid.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Forsvarsmuseet