Forsvarssjefen
Forsvarssjefen (forkorta FSJ) er den øvste militære leiaren i Noreg under Kongen. Forsvarssjefen fungerer òg som Regjeringa sin næraste fagmilitære rådgjevar og som etatssjef for Forsvaret.[1] Forsvarssjefen er direkte underlagt Forsvarsdepartementet og vert støtta av Forsvarsstaben.
Forsvarssjefen har sidan 1970 hatt graden (verkeleg) general eller admiral. Før 1970 var det berre kongen som hadde denne graden.[2]
Den militære organisasjonen til forsvaret
endreDen militære organisasjonen til forsvaret (FMO) er dei organisasjonseiningane som er underlagt forsvarssjefen.
Historie
endreStillinga som Forsvarssjef som leiar av Overkommandoen til forsvaret vart oppretta under felttoget i Noreg i 1940. Føremålet var å ha ein leiar for heile forsvaret.[3]
Frå 1857 til 1940 vart den tilsvarande stillinga kalla generalstabssjef og var sjef for Generalstaben (som eksisterte 1814–1940), med unntak av perioden 1930–1933 då Generalstaben vart leidd av kommanderande general.
Frå 1946 til 1962 hadde Noreg ingen forsvarssjef, men i denne perioden blei funksjonen utført av sjefen for Forsvarsstaben.
Norske forsvarssjefar
endreNamn
|
Forsvarsgrein
|
Frå dato:
|
Til dato: |
---|---|---|---|
Generalmajor Otto Ruge | Hæren | 18. mai 1940 | 9. juni 1940 |
Ubesatt(de facto Generalmajor Carl Gustav Fleischer)
|
Hæren | 10. juni 1940 | 22. februar 1942 |
Generalmajor Wilhelm von Tangen Hansteen | Hæren | 23. februar 1942 | 30. juni 1944 |
Kronprins Olav | Hæren | 1. juli 1944 | 15. juli 1945 |
Generalløytnant Otto Ruge | Hæren | 16. juli 1945 | 31. desember 1945 |
Kontreadmiral Elias Corneliussen | Sjøforsvaret | 1. januar 1946 | 31. mai 1946 |
Generalmajor Halvor Hansson | Hæren | 1. juni 1946 | 31. juli 1946 |
Generalløytnant Ola Berg (som sjef over Forsvarsstaben) | Hæren | 1. august 1946 | 31. oktober 1955 |
Generalløytnant Finn Lambrechts (som sjef over Forsvarsstaben) | Luftforsvaret | 1. november 1955 | 8. desember 1956 |
Generalløytnant Bjarne Øen
|
Luftforsvaret | 10. januar 1957 | 31. desember 1962 |
Generalløytnant Bjarne Øen | Luftforsvaret | 1. januar 1963 | 31. desember 1963 |
Viseadmiral Folke Haugar Johannessen | Sjøforsvaret | 1. januar 1964 | 31. desember 1972 |
General Herman Fredrik Zeiner-Gundersen | Hæren | 1. februar 1972 | 20. mars 1977 |
General Sverre B. Hamre | Hæren | 21. mars 1977 | 30. juni 1982 |
General Sven Hauge | Luftforsvaret | 1. juli 1982 | 30. juni 1984 |
General Fredrik Bull-Hansen | Hæren | 1. juli 1984 | 31. august 1987 |
General Vigleik Eide | Hæren | 31. august 1987 | 5. september 1989 |
Admiral Torolf Rein | Sjøforsvaret | 5. september 1989 | 31. oktober 1994 |
General Arne Solli | Hæren | 31. oktober 1994 | 30. april 1999 |
General Sigurd Frisvold | Hæren | 1. mai 1999 | 31. mars 2005 |
General Sverre Diesen | Hæren | 1. april 2005 | 30. september 2009 |
General Harald Sunde | Hæren | 1. oktober 2009 | 19. november 2013 |
Admiral Haakon Bruun-Hanssen | Sjøforsvaret | 19. november 2013 |
Referansar
endre- ↑ «Forsvarssjefen». Store norske leksikon (på norsk). 20. februar 2019.
- ↑ Børresen, Jacob; Brakestad, Aksel Schreiner (16. august 2019). «general». Store norske leksikon (på norsk).
- ↑ Norge (1945). Samling av provisoriske anordninger, kgl. res. m.v: 1940-1945. Departementet.
- Denne artikkelen bygger på «Forsvarssjefen» frå Wikipedia på bokmål, den 5. november 2017.