Forvaltingsorgan har følgjande definisjon i Forvaltingslova § 1:

Som forvaltningsorgan reknes i denne lov et hvert organ for stat eller kommune. Privat rettssubjekt regnes som forvaltningsorgan i saker hvor det treffer enkeltvedtak eller utferdiger forskrift.

Denne definisjonen er svært vid, og skulle i utgangspunktet bety alle statlege organ, ikkje berre dei som høyrer til regjeringa (den utøvande makta) er omfatta, men også Stortinget, domstolane, og til dømes frittståande organ som ombod. Men Forvaltingslova § 4 har omfattande unntak, for domstolane og saker etter rettspleielovene, for Stortinget og Riksrevisjonen, Sivilombodsmannen, og andre organ for stortinget. Dette betyr at statlege forvaltingsorgan for det vesentlege vil vere organ knytte til regjeringa (den utøvande makta).

Alle kommunale og fylkeskommunale organ er forvaltingsorgan, også interkommunale verksemder.

Definisjonen i § 1 seier at Privat rettssubjekt regnes som forvaltningsorgan i saker hvor det treffer enkeltvedtak eller utferdiger forskrift.

Ein del private rettssubjekt har tatt på seg forvaltingsoppgåver, så som NEMKO og Det norske Veritas. I slike saker er dei å rekne som forvaltingsorgan, og dermed i slike saker omfatta av reglane i Forvaltingslova, jfr første setninga i § 1 i Forvaltingslova: Loven gjelder den virksomhet som drives av forvaltningsorganer når ikke annet er bestemt i eller i medhold av lov.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.