Fosen prosti

Fosen prosti er eit tenestedistrikt i Nidaros bispedømme i Den norske kyrkja. Frå 1. januar 2018 femner det kommunane Bjugn, Indre Fosen, Osen, Roan, Ørland og Åfjord i Trøndelag.[1][2]Til og med 31. desember 2017 femna prostiet kommunane Bjugn, Osen, Rissa, Roan, Ørland og Åfjord i Sør-Trøndelag, og Leksvik i Nord-Trøndelag.[1]

Stadsbygd kyrkje
Foto: Henny Stokseth

Prosten har sete i Stadsbygd kor Stadsbygd kyrkje er prostikyrkje. [3]

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn. Fram til 2004 var prestetenesta lokalt organisert i prestegjeld.

Sokn i Fosen prostiEndra

Tidlegare prestegjeld og soknEndra

  • Bjørnør prestegjeld med
    • Roan sokn
    • Osen sokn
  • Leksvik prestegjeld med
  • Ørland prestegjeld med
    • Ørland sokn
  • Åfjord prestegjeld med
    • Åfjord sokn
    • Stoksund sokn

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Fosen prosti». Den norske kyrkja. Arkivert frå originalen 2014-04-13. Henta 8. januar 2018. 
  2. «Gratulerer Indre Fosen, også på kirkesektoren.». Den norske kyrkja. 2. januar 2018. Henta 8. januar 2018. 
  3. Stadsbygd kyrkje[daud lenkje] frå Kyrkjesøk