Fostertal
Fostertal eller kullstorleik er det talet på ungar eit hodyr ber fram gjennom fostertida.
Pattedyra vert delte i to grupper:
- dei unipare eller monotoke, som til vanleg berre føder ein unge kvar gong. Her finn me mellom anna menneske.
- dei multipare, pluripare eller polytoke, som til vanleg føder to eller fleire ungar kvar gong.
Monotoke hodyr har éin spene eller eitt spenepar, medan dei polytoke har 4-7 spenepar, slik at dei kan die mange ungar i gongen.
Ved avl av husdyr har ein systematisk unngått fleirfødslar hos typiske monotoke husdyr, som hest og ku, medan ein har forsøkt å fremje fostertalet hos polytoke husdyr, som gris.
Oversyn over fostertal
endre
|
|
Kjelder
endre- Gustav Nærland i Norsk Allkunnebok (1953)