Fra Filippo Lippi
Fra Filippo Lippi (1406–8. oktober 1469) eller Lippo Lippi var ein italiensk renessansemålar som høyrde til Quattrocento-rørsla.
Fra Filippo Lippi | |
Statsborgarskap | Den florentinske republikk |
Fødd | ca. 1406 Firenze |
Død |
8. oktober 1469 (62 år) |
Yrke | kunstmålar, fresco painter |
Språk | italiensk |
Religion | Den romersk-katolske kyrkja |
Partnar | Lucrezia Buti |
Fra Filippo Lippi på Commons |
Liv
endreLippi var fødd i Firenze. Han gjekk inn i karmelittfellesskapen fra Carmine i 1420, men forlét klosteret i 1432. Han førte eit omflakkande liv, ifølgje kunsthistorikaren Giorgio Vasari med mange eventyrlege opplevingar som ikkje er underbygde av anna dokumentasjon.
I 1456 blei han kapellan ved Santa Margherita-klosteret i Prato. Her hadde han eit tilhøve til nonna Lucrezia Buti, som han bortførte og fekk sonen Filippino med. Også sonen blei målar. Lippi døydde i Spoleto.
Verk
endreDei tidlege verka til Filippo Lippi er prega av innverknad frå Fra Angelico. Til desse høyrer stemningsbetonte bilde av Madonna som tilber jesusbarnet ute i naturen. Kunstverka til Lippi følgde tradisjonen etter Masaccio, men tilførte det «nordlege» element som realisme og fargehandsaming. Han plasserte dei kristne helgenane utan glorie i eit samtidig miljø. Bilda hans har nøyaktige perspektiv og er svært detaljrike. Bibelske motiv blei etterkvart brukt til å framstilla verdsleg prakt.
I åra 1465 til 1467 studerte Sandro Botticelli under fra Filippo Lippi.
I sine siste leveår smykka Lippi koret i domkyrkja i Spoleto med fresker over Marias liv (1467–69), eit kunstnarleg høgdepunkt.
Biletdøme
endre-
Pietà frå 1430-åra.
-
Profil av ei kvinne frå 1440-åra.
-
Madonna med barn (1452)
-
Tilbeding av jesubarnet frå ca. 1465.
-
Fødselen og namngjevinga til Johannes døyparen. Freske i Prato-katedralen.
Kjelder
endre«Fra_Filippo_Lippi» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Fra Filippo Lippi» frå Wikipedia på bokmål, den 7. juli 2011.