Framheim var namnet på basen til Roald Amundsen ved HvalbuktaRossisen i Antarktis under ekspedisjonen til Sørpolen. Han vart nytta mellom januar 1911 og februar 1912.[1]

Framheim
stasjon
Land  Antarktis
Stad Hvalbukta
 - koordinatar 78°30′S 164°00′W / 78.500°S 164.000°W / -78.500; -164.000
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Framheim
78°30′S 164°00′W / 78.5°S 164°W / -78.5; -164
Framheim is located in Antarktis
Framheim (Antarktis)
Wikimedia Commons: Framheim

Hytte og telt endre

Hytta vart bygd i seksjonar av ein snikkarmeister, Jørgen Stubberud og reist heime hos Amundsen i Noreg, så skrudd frå kvarandre for å fraktast til Antarktis på «Fram». Under bygginga av Noreg fortalte Amundsen at hytta var meint for observasjonar, noko som passa bra med dei tilsynelatande planane hans om å nå Nordpolen.

Hytta var ein av dei første prefabrikkerte strukturane som vart flytta til Antarktis og hadde eit spisebord som kunne hevast opp under taket når det ikkje var i bruk. Hytta målte fem gonger fire meter, og veggane bestod av fire lag av trebord med papp mellom for isolering.

I løpet av den lange antarktiske vinteren bygde Amundsen og medlemmane på ekspedisjonen eit nettverk av verkstader og lager, inkludert eit dampbadrom, grave ut i isen kring hytta. I dette komplekset førebudde mennene seg på den komande reisa til Sørpolen.

Amundsen gjekk bort frå dei tradisjonelle kvite telta og gjekk i staden for telt av svart stoff. Dette var for å absorbere den vesle solinnstrålinga som skein på teltet. I tillegg ville telta vere lettare å sjå i snøen og svart ville vere meir behageleg for augo innimellom alt det kvite. Dei pyramideforma telta var utstyrt med ein enkel stokk, som vart festa til ein av sledane under reisa, slik at ein ikkje trengde teltpluggar og kunne setje opp teltet raskt og enkelt. Teltet hadde òg eit innsydd golv, som var ein innovasjon fleire år føre si tid.

Utstyr endre

 
Framheim (1911)

Ved Framheim vart utstyret til Amundsen heile tida oppgradert, sidan han stort sett var misnøgd med det vanlege polarutstyet. Sledane vart betra ved å kutte ned på ramer og meier, og dei vart 60% lettare, utan at den totale styrken deira vart redusert.

Amundsen forma spesielle sledekassar for mat og utstyr som var permanent festa til sledane. Kassane hadde lokk som lett kunne opnast med vottar på. Dette reduserte faren for frostskadar under lossinga av sledane. Kassane vart òg høvla ned i løpet av vinteren for å redusere vekta deira. Amundsen hadde berre med seg fire mattypar: pemmikan (laga med hans eiga oppskrift), sjokolade, mjølkepulver og kjeks, men denne dietten vart utvida med sel- og pingvinkjøt lagra i forsyningsdepot på barrieren og ferskt hundekjøt frå hundar dei valde ut under reisa. Dette ferske, vitaminrike kjøtet hindra skjørbuk.

Sjå òg endre

Kjelder endre