Framnæs Mekaniske Værksted

Framnæs mekaniske Værksted er eit tidlegare skipsverft i Sandefjord i Vestfold i Noreg. Det hadde opphavleg sterke band til kvalfangstindustrien, men i seinare år har det vore drive meir mangesidig bygging, mellom anna riggar og modular for offshoreverksemda. Verftet vart eit registrert aksjeselskap i 1898 og vart nedlagd i 1986.

Framnæs skipsverft, 1930

Historie endre

 
Framnæs mekaniske Værksted

A/S Framnæs mek Værksted har opphav i tre tidlegare skipsverft.

Christen Christensen tok over Rødsverven i 1868 og kjøpte dei andre verfta eitt eller eitt. Han starta Sandefjord Flytedokker A/S i 1884. I 1892 eigde han nesten alle eigedomane privat som seinare vart A/S Framnæs mek.Værksted. I mellom tida hadde han òg kjøpt Kamfjordverven og Stubbverven. For å finansiere ombygginga av verftet til å kunne bygge stålskrog, omorganiserte Christensen selskapsstrukturen til verftet i 1898 til eit aksjeselskap. Sandefjord Flytedokker vart oppløyst og dei to dokkene selde. Ny dokker vart så bygd av verftet.

1816-1861 endre

Klavenessverven 1816-1861 endre

I 1816 oppretta lensmann, bonde, verftseigar og skipseigar Tor Akessonn Klaveness (1767-1854) ein stad for kjølhaling og seinare ein bedding for skipsbygging ved Framnes. Kjølhalingsstaden låg i eit område der snikkarverkstaden seinare låg og beddingen låg nordaust for denne. I 1832 tok sonen Åke Klaveness over styret av verftet til han døydde i 1853, då faren Tor Klaveness, som var den største kreditoren, igjen tok over kontrollen av selskapet. Henrik Klaveness (den eldest sonen til Åke Klaveness) tok over i 1857 og selde det til Joseph Lyhmann fire år seinare.

1861-1892 endre

Lyhmanns mek. Verksted 1861-1882 endre

Eigaren, forretningsmannen og skipseigaren Joseph Lyhmann (1825-1915) bygde i 1861 Lyhmanns mek Verksted omtrent der maskinverkstaden til A/S Framnæs mek Værksted låg, nordvest for dagens Skagerak International School.

Her starta han eit føretak som maskinfabrikant som hovudsakleg laga jordbruksmaskinar som treskeverk, hakkelsmaskinar, plogutstyr og mølleutstyr, mellom anna det første treskeverket i Noreg. Han laga òg syklar, som vart hevda å vere dei første som vart laga i Noreg. I tillegg bygde føretaket dampbåtar i stål. Han bygde òg dampmaskinar, utstyr for sagbruk og kokeutstyr for kvalfangstindustrien.

Sandefjord mek. Verksted 1882-1892 endre

Hausten 1882 selde Lyhmann industrien til ingeniørane Hetlesæter og Solberg. Industrien fekk namnet Sandefjord mek.Verksted. Etter å ha drive med forskjellige mekaniske produksjonar, mellom anna fleire dampskip i stål, gjekk dei konkurs i 1886.

Lyhmann, som var hovudkreditoren til verftet, tok attende anlegget og selde det i 1889 til kaptein A.M. Aamundsen, ingeniøren Jacob Moe, og Adolf Top. Dei bygde og reparerte dampskip, turbinar, dampkjeler, møller og sagbruksmaskinar, og reparerte seglskip og andre skip i dokk.

Føretaket gjekk ikkje så bra og i 1892 vart anlegget seld til Christen Christensen.

Etter Lyhmann selde anlegg i 1882 budde han i Birkerød ei stund. Her hadde han ein liten verkstad der han laga slipe- og poleringsmaskinar for knivar. Han hadde fjørfe og bier, og laga og selde honningsentrifuger. Han selde og kjøpte skip. Lyhmann vart ein forretningsmann i Oslo, der han sjølv sat ved skranken. Han var gift to gonger og møtte den andre kona si gjennom ei annonse i ei avis. Ho var 6 år yngre enn den eldste dottera hans frå det første ekteskapet. Dei hadde fire barn og den yngste sonen, Per (døupt Emanuel), var fødd i 1901 då Lyhmann var 75 år gammal.

1826-1986 endre

Søebergverven 1826-1865 endre

 
Framnæs mek Værksted, 1892
 
A/S Framnæs mek Værksted, 1899

Månedsløytnant, tømmerhandlar og skipseigar Peder Søberg (død 1863) kom til Sandefjord i 1807 for å tene i kystvakta. Hausten 1808 var han med på kapringa av eit svensk og eit britisk skip utanfor Vallø. Han kjøpte eit av desse frå staten og slo seg ned i Sandefjord som skipseigar og forretningsmann. I 1826 starta han å bygge skip ved Søebergverven som låg nordaust for det tidlegare kjelhuset ved A/S Framnæs mek Værksted. Han fekk bygd ein bedding som stakk nordvestover mot der den største flytedokken brukte å ligge. Taubåten M/S «David» var det siste skipet som vart sjøsett frå denne beddingen i 1930. Same året leigde Peder Søeberg staden og han kjøpte òg Stubbverven.

Frå midten av 1830-åra gjekk han inn i samarbeid med seglmakar, forretningsmann, verfsteigar og skipseigar Søren Lorentz Christensen (1810-1862), som frå 1842 og frametter bygde fleire skip her. I 1850 kjøpte Søren Lorentz Christensen halve Søebergverven frå Søeberg. Søren Lorentz Christensen døydde derimot alt 52 år gammal.

Rødsverven 1865-1878 endre

Enka til Christensen, Otilie, (fødd Kruge), tok over leiinga av forretninga nokre år fram til sonen Christen Christensen tok over som leiar i 1868. Seinare byrja A/S Framnæs mek Værksted å nummerere dei nye bygga sine frå den datoen. Byggnummer 1 hadde «Sleipner», bygd av Christen Christensen for mora Otilie.

Framnæs Skipverft 1878-1892 endre

Christen Christensen var ein særs driftig mann og kjøpte alle kringliggande skipsverft og eigedomar. Då Christensen flytta frå privatheimen sin i sentrum av Sandefjord (seinare heimen til slaktar Lauritz Pedersen) tilFramnæsodden i 1879, hadde han vorte eineeigar av Rødsverven og Langestrand-området. Han fekk lagt ein eplehge i same området som Framnæs mek Verksted seinare la beddingen sin. Huset vart seinare demontert og flytta til Sør-Georgia som bustad for styraren der.

Framnæs mek Værksted 1892-1898 endre

I 1892 kjøpte han Lyhmanns mek Verksted eller Sandefjord mek Verksted som var namnet på den tida, og gav det namnet Framnæs mek Værksted. Han eigde på den tida i røynda alle eigedomane og anlegga som Framnæs mek Værksted seinare eigde. Samstundeds hadde han i 1894 oppretta Sandefjord Flytedokker A/S. Dei eigde to flytedokker i tre og hadde generelt nære band til verftet.

A/S Framnæs mek Værksted 1898-1986 endre

Då det gravis vart meir naudsynt å endre fokuset frå trebåtar til skip av stål, og at verftet derfor måtte gjennomgå store investeringar, vart skipsverftet i 1889 eit aksjeselskap kalla A/S Framnæs mek Værksted. Christen Christensen var framleis den dominerande aksjonæren, og det same var etterkomarane hans. Frå 1899 til han døydde i 1923 var han styreleiar for selskapet. Han var òg leiar av verftet i 55 år. Han var i tillegg grunnleggjaren av, den største aksjonæren, styreleiar og dagleg leiar i det største selfangstselskapet i verda, A/S Oceana, som vart skipa i Sandefjord i 1887 og registrert i Sandefjord i 1891. Det største bidraget til Christen Christensen var innan kvalfangstindustrien og han var den første som starta med kvalfangst i Antarktis.

Bygde skip endre

For meir om dette emnet, sjå Skip bygde ved Framnæs Mekaniske Værksted.

Dei mest kjende skipa som vart bygd ved skipsverftet er:

Nr. Overlevert Namn Type Tonnasje Reiarlag Heimehamn IMO-nummer Status
1881 «Jason» brt Christen Christensen Sandefjord?
1911 HVB «Almirante Goni» Kvalbåt brt Veteranskip
1912 «Polaris» brt Adrien de Gerlache og Lars Christensen Forlist 1915
1937 SS «Christian Radich» 663 brt Oslo 5071729 Skuleskip

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Framnæs Mekaniske Værksted