Framsókn

Framsókn (norsk omsetjing: «Framsteg») er eit liberalt og separatistisk politisk parti på Færøyane. Partiet står sterkast i hovudstaden Tórshavn og bygdene rundt.

Partiet vart stifta 9. mars 2011 av Poul Michelsen og Hanna Jensen, som begge braut med Fólkaflokkurin.[1] Michelsen skildra partiet som «eit liberalt nasjonalparti».[2] Skipingsmøtet samla om lag 120 personar, fleire enn landsmøta til dei store partia. Poul Michelsen vart formann i partiorganisasjonen og lagtinggruppa frå byrjinga, medan Hanna Jensen vart nestformann i partiet og innvald i kommunestyret i Eysturkommuna. Mellom andre som kom tidleg med i Framsókn var Sámal Petur í Grund, tidlegare minister og formann i Sjálvstýrisflokkurin; Jákup Sverri Kass, luftfartsdirektør og tidlegare lagtingmedlem for Sjálvstýrisflokkurin; Hans A. Norðfoss, tidlegare nestformann i HUXA; og forretningsmannen Tróndur Djurhuus.[3]

6. april 2011 vart 2 300 veljarfråsegner overlevert til statsminister Kaj Leo Johannesen, og 13. april fekk partiet rett til å stille til neste lagtingval.[4][5] Ungdomsorganisasjonen til partiet, Framsøkin Ungdómur, vart stifta 12. august 2011.[6] Ved lagtingvalet i oktober 2011 fekk partiet 6,3 % av røystene og to representantar inn på Lagtinget, Poul Michelsen og Janus Rein. Rein melde seg seinare ut av partiet og inn i Fólkaflokkurin.

Ved valet i september 2015 fekk Framsókn på nytt valt inn to medlemmar på Lagtinget, Poul Michelsen og Hanna Jensen. Framsókn danna koalisjonsregjering med Javnaðarflokkurin og Tjóðveldi med Michelsen som utanriks- og næringsminister.[7] I nokre dagar hausten 2015 melde Annika Olsen frå Fólkaflokkurin overgang til Framsókn, men gjekk attende til det gamle partiet sitt.[8]

Hausten 2019 vart Poul Michelsen ramma av hjerneblødning.[9] I mars 2020 heldt Michelsen ein avskilstale i Lagtinget, der han sa frå seg lagtingplassen og leiarskapen i Framsókn. Framsókn valde Michelsen sin varamedlem, som no rykte opp til fast lagtingmedlem, Ruth Vang, til ny partileiar.[10][11]

ValhistorikkEndra

Lagtingval
År Røyster Mandat
# %
2011 1 933 6,3
2 / 33
2015 2 239 7,0
2 / 33
2019 1 559 4,6
2 / 33
 
Folketingval
År Røyster Mandat
# %
2011 672 3,3
0 / 2
2015 749 3,2
0 / 2
2019 639 2,5
0 / 2

KjelderEndra

  1. Lindenskov, Eirikur (9. mars 2011). «Nýggi flokkurin hjá Poul eitur »Framsókn«» (på færøysk). portal.fo. Arkivert frå originalen 2012-07-22. 
  2. «Rigsombudsmanden på Færøerne, indberetning nr. 2/2011. Grønlandsudvalget 2010–11 (1. samling). Alm.del. Bilag 47» (på dansk). Folketinget. 14. mars 2011. Arkivert frå originalen 2012-05-25. Henta 4. april 2017. 
  3. «Handan Framsókn» (på færøysk). Framsókn. Arkivert frå originalen 2012-05-25. 
  4. Johannesen, Johnsigurd (13. april 2011). «Framsókn góðkendur flokkur» (på færøysk). Kringvarp Føroya. Arkivert frå originalen 2012-05-25. 
  5. Johannesen, Johnsigurd (7. april 2011). «Løgmaður fingið 2300 undirskriftir frá Framsókn» (på færøysk). Kringvarp Føroya. Arkivert frå originalen 2012-05-25. 
  6. Johannesen, Uni Holm (16. august 2011). «Framsókn hevur nú ungmannafelag» (på færøysk). aktuelt.fo. Arkivert frå originalen 2012-05-25. 
  7. Mohr, Bjarni (15. september 2015). «Sí listan: Her kunnger hann øll landsstýrisfólkini» (på færøysk). Kringvarp Føroya. Arkivert frå originalen 11. oktober 2015. 
  8. Mohr, Bjarni (4. februar 2016). «Eftir 145 dagar: Nú er hon aftur í Fólkaflokkinum» (på færøysk). Kringvarp Føroya. Arkivert frå originalen 5. februar 2016. 
  9. Joensen, Jákup Bogi (27. desember 2019). «Poul Michelsen eftir heilabløðing: Lívið hevur fingið nýggjar dimensjónir og virðini eru endurskoðað» (på færøysk). Henta 6. mars 2020. 
  10. Johannesen, Johnsigurd (6. mars 2020). «Her er seinasta røðan hjá Poul Michelsen» (på færøysk). Kringvarp Føroya. Henta 6. mars 2020. 
  11. Johannessen, John (6. mars 2020). «Nýggja forkvinnan: Poul hevur verið mín fyrimynd» (på færøysk). Kringvarp Føroya. Henta 6. mars 2020.