Framstegspartiet

norsk politisk parti
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Framstegspartiet (fleirtyding).

Framstegspartiet (bokmål Fremskrittspartiet, forkorta Frp eller FrP) er eit liberalistisk høgreparti som byggjer sin politikk på den norske grunnlova og eit kriste livssyn.[4] Partiet står på mange område for ein konservativ politikk,[5] og var med i regjeringa Solberg frå 2013 til 2020. Sylvi Listhaug er partileiar sidan 2021, medan Hans Andreas Limi og Terje Søviknes er nestleiarar.[6][7] Ungdomsorganisasjonen til Framstegspartiet heiter Framstegspartiet sin Ungdom.

Framstegspartiet

LandNoreg
Partileiar(ar)Sylvi Listhaug
GeneralsekretærFinn Egil Holm
GrunnleggjararAnders Lange
Grunnlagt8. april 1973[1]
ForgjengarAnders Langes Parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep
HovudkvarterKarl Johans gate
Ungdomsorg.Framstegspartiets Ungdom
Donasjonar5 563 750 (2021)[2]
Medlemstal15 796 (2022)[3]
IdeologiLiberalisme
Politisk posisjonhøgresida
Kommunestyre-
representantar
889
Fylkestings-
representantar
83
Stortings-
representantar
21

Historie endre

Historisk er partiet ei vidareføring av Anders Langes Parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep (kortform Anders Langes parti). ALP vart stifta i 1973 av den idealistiske kapitalisten og liberalisten Anders Lange under eit folkemøte på Saga kino i Oslo den 8. april med tittelen Vi er lei av og var til dels ein reaksjon på Borten-regjeringa si innføring av moms. Ved Stortingsvalet i 1973 fekk partiet inn 5 % av stemmene fire representantar på Stortinget. Desse fire var Anders Lange frå Oslo, Erik Gjems-Onstad frå Akershus, Harald Slettebø frå Hordaland og Erling Erland frå Rogaland.

I 1974 vart det første landsmøtet i partiet halde i Hjelmeland i Rogaland, og Anders Lange vart formelt vald til leiar. Sidan Lange døydde same året, laut Eivind Eckbo ta over leiinga av partiet fram til landsmøtet i 1975. Då vart Arve Lønnum vald til ny partiformann.

Dette året sokk tilslutnaden om partiet på meiningsmålingane og ei utbrytargruppe stifta Reformpartiet, som gjekk inn att i ALP året etter. Carl I. Hagen høyrte til denne utbrytargruppa. Under fylkesvalet i 1975 fekk partiet berre 1,4 % av stemmene på landsbasis.

Framstegspartiet har ei turbulent historie med eksklusjonar av medlemmer og splittingar av partiet. Partiet har tidlegare vore dominert av enkeltmenneske og hatt fleire uavhengige representantar på vallistene sine.

1977–1989 endre

Nedgangen heldt fram for det nye partiet, som såg ut til å verta endå eit kapittel i soga om små europeiske skattefiendtlege organisasjonar som ville forsvinna etter fåe år. Allereie i 1977 vart den første tillitsvalde i organisasjonen ekskludert. Erik Gjems Onstad sa offentleg at «Å røyste på ALP er å kaste bort røysta si» av di partiet hadde så låg tilslutnad. 29. januar 1977 endra partiet namn til Framstegspartiet. Ved stortingsvalet same året mista partiet alle stortingsmandata.

På landsmøtet i 1978 vart Framstegspartiet sin Ungdom (FpU) oppretta med Peter N. Myhre som leiar, og Carl I. Hagen vart vald til partiformann. Under valet i 1981 overraska partiet med å få fire representantar på Stortinget igjen. I vala etter 1981 er tilslutnaden om partiet gått opp og ned mellom t.d. to representantar i 1985 og heile 22 representantar i 1989.

1994–no endre

 
Landsmøtet i 1994 på Bolkesjø hotell var eit oppgjer mellom Hagen og den liberalistiske fløya i partiet. Møtet førte til at fire av ti stortingsrepresentantar melde seg ut. Ellen Wibe gjekk av som nestformann.

På landsmøtet i 1994 vart FrP delt i to fløyar, der eit stort mindretal ynskte at partiet skulle reindyrke den økonomiske liberalismen. Denne striden førte til at fleire tillitsvalde melde seg ut og danna partiet Fridemokratane, som framleis finst. Under EU-røystinga same året tilrådde landsstyret i FrP veljarane å røyste ja til EU, men gjorde ikkje noko meir aktivt i saka. I dag ynskjer partiet at det norske folket sjølv skal avgjere saka i ei folkerøysting.

I 2000 vart fleire medlemmer (mellom anna Dag Danielsen) i Oslo FrP ekskluderte etter at dei nekta å gjennomføre landsmøtet sitt vedtak om at formannskapet i partiet alltid skal stå øvst på stortingsvallistene i sine respektive fylkeslag. Stortingsrepresentanten Vidar Kleppe vart ekskludert på grunnlag av at han viste støtte til dei ekskluderte medlemmene. Dei ekskluderte medlemmene tapa det følgjande søksmålet mot partiet på alle punkt.

Same året vart «arveprinsen» (etter mediauttalar) i FrP, Terje Søviknes skulda for å ha valdteke ein medlem av FpU. Denne saka kulminerte i at Søviknes innrømde utruskap med ein kvinneleg medlem av FpU, og riksadvokaten la bort saka på grunnlag av at det ikkje var noko straffbart forhold. Etter kraftig medfart i media trekte Søviknes seg frå alle leiande verv i partiet, utanom ordførarrolla i Os kommune.

 
Jan Simonsen vart ekskludert i 2001 og skipa, saman med mellom andre Vidar Kleppe, partiet Demokratane.
Foto: Kjetil Ree, 2006

Mellom 2001 og 2005 stødde partiet regjeringsalliansen KrF, Venstre og Høgre, som soleis vart stødd av fleirtalet.

Ved fylkestingsvalet 2007 fekk partiet 18,5 % av røystene og ved stortingsvalet i 2009 fekk dei 22,9 %.

Politikk endre

Framstegspartiet har ein økonomisk politikk som er basert på tradisjonell økonomisk liberalisme. Dei arbeider for eit samfunn med avgrensa offentleg makt og eit sterkare næringsliv som kan ta på seg fleire av dei oppgåvene som staten tek seg av i dag. Dei vil òg privatisere fleire offentlege verksemder, til dømes NRK. Det same næringslivet skal, til liks med enkeltmenneska, påleggjast færrast mogleg økonomiske avgrensingar av staten. Til dømes skal ikkje lova hindre ei bedrift å inngå arbeidsavtalar med sine tilsette som pålegg dei 12 timar lange arbeidsdagar, dersom arbeidstakarane friviljug aksepterer desse.

«For folk flest» endre

Framstegspartiet har teke opp i seg mange av dei antiautoritære og sentrumsskeptiske grunnstemningane som finst blant folk flest. Røynslene til vanlege folk vert sette framfor oppfatningane til den politiske, byråkratiske og kulturelle eliten. Slik argumenterer partiet til dømes for større bruk av oljepengar, lågare avgifter og friare bruk av motorkøyretøy. Når partiet i framlegg og ordskifte legg vekt på å fremje folkelege synspunkt, framstår partiet ofte som populistisk.

Tilhøve til staten endre

 
Valboden til Frp i Karl Johans gate under valkampen i 2011.
Foto: Brage Aronsen.

Framstegspartiet ynskjer å kutte i statlege utgifter og ha lågare skattar og avgifter for borgarane i Noreg. FrP meiner at staten har ansvar for å sikre borgarane sine ein minste levestandard, men at pliktene til staten ikkje går utover akkurat det når det gjeld sosialpolitikk. Middel til oppfylling av staten sin sosialpolitikk skal hovudsakleg koma gjennom skattlegging av forbruk, ikkje inntekt, samstundes som skattenivået skal liggja så lågt som mogeleg.

Dei oppgåvene FrP meiner at staten skal ha ansvar for, er:

Økonomisk politikk endre

Den økonomiske politikken er langt på veg grunna i at marknaden styrer seg best sjølv. Ein marknad med færrast mogleg avgrensingar skal kanalisere kapitalen dit han trengst, utan at staten dirigerer nemneverdig med lover, skattar eller avgifter. FrP har gått inn for å bruke meir av oljepengane og dei ynskjer å kvitte seg med handlingsregelen, noko som har ført til protestar frå andre parti.[8]

Innvandringspolitikk endre

Framstegspartiet arbeider for ei kraftig innskrenking av innvandringspolitikken i Noreg, slik at dei som verkeleg treng vern, skal få bli. FrP ser på integrering av innvandrarar som ei av sine viktigaste saker.

Tilhøve til nasjonalismen endre

FrP har vorte skulda for å spele på nasjonalistisk og religiøse straumdrag.[9] Det nokre oppfattar som høgreliberalisme vert av andre sett på som høgreekstremisme.[10] FrP sitt tilhøve til nasjonalismen og motviljen mot andre kulturar har ført til at Venstre og Kristeleg Folkeparti tidlegare har avvist regjeringsamarbeid med partiet.[11][treng kjelde]

Leiing endre

 
Siv Jensen leia partiet etter Carl I. Hagen, 2006–2009 med tittelen formann.
Foto: FrpMedia

Formenn (1973–2009) endre

Periode Formann
1973–1974 Anders Lange
1974–1975 Eivind Eckbo
1975–1978 Arve Lønnum
1978–2006 Carl I. Hagen
2006–2009 Siv Jensen

Leiarar (2009–) endre

Periode Partileiar
2009–2021 Siv Jensen
2021– Sylvi Listhaug

Parlamentariske leiarar endre

Periode Parlamentarisk leiar
1973–1974 Anders Lange
1974–1976 Erik Gjems-Onstad
1976–1977 Harald Slettebø
1981–2005 Carl I. Hagen
2005–2013 Siv Jensen
2013–2017 Harald Tom Nesvik
2017–2020 Hans Andreas Limi
2020–2021 Siv Jensen
2021– Sylvi Listhaug

Valhistorikk endre

Stortingsvalresultat 1973–2017
Årstal Prosent av røystene Mandat
1973 5,0 %
4 / 155
1977 1,9 %
0 / 155
1981 4,5 %
4 / 155
1985 3,7 %
2 / 157
1989 13,0 %
22 / 165
1993 6,3 %
10 / 165
1997 15,3 %
25 / 165
2001 14,6 %
26 / 165
2005 22,1 %
38 / 169
2009 22,9 %
41 / 169
2013 16,3 %
29 / 169
2017 15,2 %
27 / 169
2021 11,6 %
21 / 169
Kommunevalresultat 1975–2015
Årstal Prosent av røystene
1975 0,8 %
1979 1,9 %
1983 5,3 %
1987 10,4 %
1991 6,5 %
1995 10,5 %
1999 12,1 %
2003 16,4 %
2007 17,5 %
2011 11,4 %
2015 9,5 %
2019 8,2 %
Fylkestingsvalresultat 1975–2015
Årstal Prosent av røystene
1975 1,4 %
1979 2,5 %
1983 6,3 %
1987 12,3 %
1991 7,0 %
1995 12,0 %
1999 13,4 %
2003 17,9 %
2007 18,5 %
2011 11,8 %
2015 10,3 %
2019 8,6 %

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Framstegspartiet