François Mitterrand

fransk politikar

François Mitterrand (26. oktober 19168. januar 1996) var ein fransk politikar. Han var president i Frankrike frå 1981 til 1995.

François Mitterrand

Fødd26. oktober 1916
Jarnac
Død8. januar 1996 (79 år)
Statsborgar avFrankrike
PartiParti socialiste (1971; 1996)
Yrkepolitikar, advokat, journalist
Utdanna vedFaculté de droit de Paris
Sciences Po
MorYvonne Lorrain
FarJoseph Mitterrand
EktefelleDanielle Mitterrand
SambuarAnne Pingeot
BarnJean-Christophe Mitterrand, Gilbert Mitterrand, Mazarine Pingeot, Hravn Forsne
MedlemAcadémie du Morvan
Alle verv
  • Frankrikes president (1981–1995)
  • parlamentsmedlem i Frankrike (1962–1967)
  • ordfører i Château-Chinon (Ville) (1959–1981)
  • senator (Nièvre, 1959–1961)
  • fransk samfyrste av Andorra (1981–1995)
  • Førstesekretær i det franske sosialistpartiet (1971–1981)
  • medlem av Det franske fellesskapets senat
  • parlamentsmedlem i Frankrike (1967–1968)
  • parlamentsmedlem i Frankrike (1968–1973)
  • député de la Nièvre (1973–1978)
  • député de la Nièvre (1978–1981)
  • conseiller général de la Nièvre
  • president of the general council (Nièvre, 1964–1981)
  • député de la Nièvre (1946–1951)
  • député de la Nièvre (1951–1955)
  • député de la Nièvre (1956–1958)
  • justisminister (1947–1947)
  • Minister of Veterans Affairs (1947–1948)
  • Minister for Overseas France (1950–1951)
  • Minister for Overseas France (1951–1951)
  • Minister of European Affairs of France (1953–1953)
  • innenriksminister (1954–1955)
  • Frankrikes justisminister (1956–1957) Sjå dette på Wikidata

Liv og virke

endre

Bakgrunn

endre

Mitterrand vart fødd i Jarnac i Charente. Som ung var han sterkt konservativ og ein ivrig katolikk. Han slutta seg til ultranasjonalistane Croix de Feu. Han var innrullert i hæren under den andre verdskrigen, vart teken som krigsfange i 1940 og kom fri året etter. Han slutta seg til Vichy-regimet og vart statssekretær. Han samarbeidde òg med den franske motstandsrørsla, men heldt fram med å arbeida for Vichy-regjeringa.

Etter den andre verdskrigen

endre

Etter krigen gjekk han tidleg inn att i politikken, slutta seg til eit sentrum-venstre-parti og vart innvald i parlamentet for departementet Nièvre i 1946. Han hadde forskjellige verv i den fjerde franske republikken, før han trekte seg på grunn av Frankrike sin politikk i Algerie. I 1958 var han ein av dei høvesvis få som var mot at Charles de Gaulle vart vald til president, og mista sitt sete i parlamentet i valet same år. I 1959 unngjekk han såvidt eit drapsforsøk. Drapsforsøket gav han mykje merksemd, og sette fart på den politiske karrièren. Kritikarar hevdar at han sjølv organiserte drapsforsøket. Politiet etterforska saka, men ho vart lagd til sides.

President

endre

I den femte franske republikken stilte han til val som president i 1965, men tapte mot de Gaulle. Han vart medlem, og frå 1971 leiar av, det franske sosialistpartiet. Han var president for venstrekoalisjonen av sosialistar og liberale frå 1965 til 1968. Han stilte til val som president igjen i 1974 mot Valéry Giscard d'Estaing, men tapte på nytt. I 1981 vart han den fyrste sosialisten som vart president i den femte franske republikken. Ei av hans fyrste avgjerder var å avskaffa dødsstraff i Frankrike. Mitterand vart tildelt storkrossen med kjede av St. Olavs Orden i 1984.

Innanriks vart hans politiske mål hindra av ei rad økonomiske kriser, og av eit parlament med konservativt fleirtal (frå 1986 til 1988, og 1993 til 1995). Trass i dette samarbeidde han godt med den konservative statsministeren Jacques Chirac. Internasjonalt spela Mitterrand ei viktig rolle, særleg når det gjaldt utviklinga av EU. Han støtta utvidinga av unionen med Spania og Portugal, og hadde eit nært tilhøve til den tyske kanslaren Helmut Kohl. Tilhøvet la grunnlaget for forsoning og eit nært samband mellom Frankrike og Tyskland. Mitterrand og Kohl er rekna som hovudpersonane bak Maastricht-traktata.

Presidentperioden tok slutt i mai 1995. Han vart etterfylgd av Jacques Chirac og døydde av kreft seks månader seinare.

Familie

endre

Kona, Danielle Mitterrand, er kjend som venstreaktivist. I tillegg til sønene Jean-Christophe og Gilbert Mitterrand, hadde han ei dotter, Mazarine Pingeot med Anne Pingeot. Nevøen Frédéric Mitterrand er journalist.

 
François Mitterrand i 1984.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: François Mitterrand