Francesco Cavalli

Francesco Cavalli, eigentleg Pier Francesco Caletti-Bruni (fødd 14. februar 1602 i Crema i provinsen Cremona, død 14. januar 1676 i Venezia) var ein italiensk komponist og organist som i dag hovudsakleg er kjent for operaene sine.

Francesco Cavalli

Francesco Cavalli
Fødd14. februar 1602
FødestadCrema i Lombardia
Død14. januar 1676 (73 år)
DødsstadVenezia
FødenamnPier Francesco Caletti-Bruni
OpphavRepublikken Venezia
PeriodeBarokken
Aktiv1616 - 1676
Instrumentorgel
Verka somKomponist og organist
FarGiovanni Battista Caletti

Biografi endre

Cavalli vart songar ved Markuskyrkja i Venezia i 1616, andreorganist i 1639, førsteorganist i 1665 og maestro di cappella i 1668.

Han byrja å skrive scenemusikk i 1639 kort tid etter at det første offentlege operahuset vart opna i Venezia. Han vart så kjend at kardinal Mazarin nærast pressa han til å reise til Paris der han oppførte operaen Xerxes. Han reiste òg til Paris i 1662 for å oppføre operaen Ercole amante (den forelska Herkules). Framføringa varte i seks timer og innimellom vart det ete og dansa til ballettane til Jean-Baptiste Lully. Framføringa vart ein av dei mest minneverdige hendingane i musikkhistoria, for i siste akt av Ballett Royal des sept Planetes dansa Ludvig XIV av Frankrike tre gonger, først som Mars, så som Pluto og tilslutt som Sola. Medan kongen opptredde messa hoffet «lenge leve Solkongen», og dette namnet heldt han resten av livet.

Innverknad endre

Cavalli var den viktigaste operakomponisten på midten av 1600-talet og medverka til å gjere opera til ei populær underhaldningsform. Cavalli reduserte dei ekstragavante orkestra til Monteverdi til mindre og billigare ensemble tilpassa dei offentlege operahusa.

30 av totalt kring 40 operaer er bevart. Operaene til Cavalli oppviser alle 1600-talet karakteristiske overdrivingar og absurditetar, men òg ein merkverdig sans for dramatiske verkemiddel.

Kjelder endre