Francesco Maria Veracini

italiensk komponist

Francesco Maria Veracini (1. februar 169031. oktober 1768) var ein italiensk fiolinist og komponist under barokken.

Francesco Maria Veracini

Fødd1. februar 1690
FødestadFirenze
Død31. oktober 1768 (78 år)
DødsstadFirenze
Sjangeropera
Instrumentfiolin
Verka somkomponist, dirigent, fiolinist

Veracini var fødd i Firenze som son av ein apotekar. Han fekk opplæring i musikk av onkelen Antonio Veracini, som spelte fiolin og komponerte, og dei heldt ofte konsertar saman.

Han reiste til London i 1714 og spelte i Queen's Theatre. Seinare drog han til Düsseldorf og Venezia, der han i 1716 skreiv eit sett sonater for fiolin og blokkfløyte tileigna prins Friedrich August, som var i byen for tilsetja musikarar. Veracini fekk ei stilling ved hoffet til prinsen sin far, August den sterke. Han blei verande i Dresden i fleire år, der han skreiv eit nytt sett fiolinsonater til prinsen.

Francesco Maria Veracini drog tilbake til Firenze i 1723, der han skreiv eit oratorium. I 1733 reiste han til London igjen, der han opptredde og skreiv fire operaer: Adriano in Siria, La Clemenza di Tito, Partenio og Roselinda. Denne siste operaen hans var skriven etter Shakespeare-stykket As You Like It, eit uvanleg utgangspunkt for ein opera på denne tida.

Etter dette reiste Veracini tilbake til Firenze, der han blei kapellmeister for kyrkjene San Pancrazio og San Gaetano. Han dreiv no mest med kyrkjemusikk, og dirigerte som oftast, sjølv om han stundom framleis opptredde med fiolin. I 1768 døydde Veracini i fødebyen.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Francesco Maria Veracini» frå Wikipedia på engelsk, den 1. februar 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • Burney, Charles. 1789. A General History of Music, from the Earliest Ages to the Present Period. To Which Is Prefixed, a Dissertation on the Music of the Ancients. Second edition. 4 vols. London: Printed for the author and sold by T. Becket , J. Robson, and G. Robinson.
      • David Charlton, "Francesco Maria Veracini' 1996
      • Hill, John Walter. 1979. The Life and Works of Francesco Maria Veracini. Studies in Musicology 3. Ann Arbor, Mich.: UMI Research Press.
      • Hill, John Walter. 2001. "Veracini, Francesco Maria." The New Grove Dictionary of Music and Musicians, red. S. Sadie og J. Tyrrell. London: Macmillan.
      • Newman, William S. 1972. The Sonata in the Baroque Era. 3d edition. New York: W. W. Norton & Co., Inc.
      • Torchi, Luigi. 1901. La musica istrumentale in Italia nei secoli XVI, XVII e XVIII, con 272 esempi musicali nel testo. Torino: Fratelli Bocca. Facsimile reprint, Bologna: Forni Editore, 1969.