Frans Hals

Frans Hals (159126. august 1666[1]) var ein nederlandsk målar, som vert rekna som ein dei store portrettkunstnarane i Nederlanda.

Frans Hals
Hals - Self-Portrait copy.jpg
Sjølvportrett, 1650-åra?
Fødd 1591, 1582
Antwerpen
Død

26. august 1666 (83 år)
Haarlem

Yrke kunstmålar, grafiker, bygningstegner
Sjanger portrettmåleri, målarkunst, sjangermåleri
Far Franchois Fransz. Hals av Mechelen
Mor Adriaentje av Geertenryck
Ektefelle Anneke Hermansz, Lysbeth Reyniers
Born Harmen Hals, Frans Hals Junior, Jan Hals, Reynier Hals, Nicolaes Hals, Adriaentje Hals
Frans Hals på Commons

Liv og gjerningEndra

 
Den smilande riddaren, 1624

Hals flytta til Haarlem frå Antwerpen i unge år. Han spesialiserte seg i ein målarsjanger, og tok i bruk nye komposisjonar som til dømes å vise berre bysta av enkeltmenneske, og til måle store scener med gruppeportrett. Nokre av dei største verka hans er framelis i Haarlem, der Hals budde nesten heile livet.

Lite er kjent om Hals som elev og om hans tidlege verk. Han var påverka etter studiane med den lærde målaren Karel van Mander, ein kunstnar som fylgde høgrenessansetradisjonen. I 1616 måla han sitt fyrste store gruppeportrett, Banketten for offiserane i St. Georgs skyttarlag, som no er utstilt i Frans Hals Museum i Haarlem.

Etter dette arbeidet visste Hals å fri seg frå dei eldre og rigide oppstillingane. Han portretterte grupper i rørsle, utført med vibrerande, livlege, freidige og snøgge penselstrøk og ein rik bruk av fargar. Den kromatiske effekten og snøgge målinga, som ikkje heng seg opp i detaljar, men femner dei flyktige uttrykka til personane, er karakteristisk for Hals sine portrett før 1610.

Hals vart kjend med den caravaggiske stilen gjennom Utrecht-skulen sine måleri. Han brukte sidan ofte diagonalt lys og nøytral grundering, medan den tette, tjukke målinga hans minner om Peter Paul Rubens og Antwerpen-skulen.

Hals var ein kjend målar i samtida. Han dreiv ein effektiv verkstad og hadde mange elevar og fekk fleire etterfylgjarar. Både måla han store offisielle portrett og bilete av mektige aristokratar, medan han i ein del tilfelle nytta han modellar frå kvardagslivet, som drankarar, fiskargutar, vertshusjenter, fløytespelarar, vakre sigøynarkvinner og gamle hekser. Alle personane vart avbilda med eit kjenslevart nærvær.

Hals måla sine lerret utan å lage skisser, med ein teknikk som ein kanskje kan kalle «impresjonistisk». Etter 1640 utvikla Hals ein kjøligare palett og ser ut til å konsentrere seg om svart og kvitt, som nokre gongar gav dramatisk spenning.

Hals var medlem av Sint-Lucasgildet i Haarlem frå 1610.[1]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Frans Hals i RKDs database

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Frans Hals