Frantz Møller
Frantz Peckel Møller (11. mars 1834–22. november 1901) var ein norsk kjemikar og industrimann frå Kristiania. Peter Möller var far hans.
Frantz Møller | |||
Fødd | 11. mars 1834 | ||
---|---|---|---|
Død | 22. oktober 1901 | ||
Yrke | kjemikar | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo |
Frantz Møller tok farmasøyteksamen i 1857. Han studerte kjemi på universitetet i Kristiania og tok doktorgraden i Heidelberg. Frå 1863 til -71 eigde han Svaneapoteket i heimbyen og forbetra produksjonen av medisintran til eit høgt nivå. I tida 1868 til 1880 leia han handelen med Möllers tran på verdsmarknaden frå London. Sidan busette han seg i København og budde der til han døydde. Han var eineeigar av firma Peter Møller frå 1881.
Møller gav i 1895 ut Cod-Liver Oil and Chemistry.
Kjelder
endre- Norsk Allkunnebok. VIII. Bandet. 1958
- Norsk biografisk leksikon