Franz Klammer
Franz Klammer (fødd 3. desember 1953) er ein austerriksk tidlegare skirennar frå bygda Mooswald i Kärnten. Han vart olympisk meister i utfor under OL 1976 i Innsbruck. To år tidlegare tok han sølv i same øvinga under VM i St. Moritz, samt gull i kombinasjonen.
Franz Klammer | |
Franz Klammer i 2009 | |
Statsborgarskap | Austerrike |
Fødd | 3. desember 1953 (71 år) Fresach |
Yrke | alpinist |
Språk | tysk |
Høgd | 1,83 meter |
Franz Klammer på Commons |
Heile fem sesongar vann Klammer pokalen som vinnar av utfor-delen av verdscupen i alpine greiner. Perioden 1975-78 vann han fire år på rad, og tok sin femte og siste utforpokal i 1983. Ingen utforrennar har klart å kopiere denne bragda. Klammer vann i alt 26 renn i verdscupen i alpint, alle i utfor, unnateke ein kombinasjonssiger. Den fyrste verdscupsigeren kom i desember 1973 i Schladming, den siste i Kitzbühel 10 år og ein månad seinare.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Franz Klammer» frå Wikipedia på tysk, den 15. desember 2013.