Fravardigan, farvardigan eller muktad er ei parsisk høgtid til minne om verneenglane (fravasji) og sjelene til dei døde. Ho blir feira over fleire dagar i slutten av det parsiske året.

Parsisk gravstad i Surrey pynta med verneenglar.
Elden i eit parsitempel i Yazd.

Tidfesting endre

I dag blir muktad som regel markert i ein periode på ti dagar som ender med nyttårsfeiringa navroz, eller i dei atten dagane før khordad sal, fødselsdagen til profeten Zoroaster. Sidan parsarar bruker tre ulike kalendrar, varierer det òg kva tid nyttår og dermed også nyttårsfeiringa tek til. Faslikalenderen plasserer henne i mars, qadimi i juli og sjensjai i august.

Feiring endre

Under muktad samlar parsarar seg til seremoniar i templa sine. Etter ei felles bøn held familiar leia av ein prest mindre ritual for sine avdøde, der dei ofrar frukt, blomar, røykjelse, tre og pengar. Slutten av året er òg ei tid då ein skal tenka over tidlegare handlingar og angra på det ein har gjort gale.

Dei viktigaste er dei fem siste dagane, som blir kalla hamaspathmaidyem. Desse er gatha-dagar då ein les frå gathaene. Denne markeringa er det siste av dei seks årlege pålagde rituala (gahambar) for parsarar.

Ordsoge endre

«Fravardigan» kjem frå persisk «rozan fravardigan», 'dagane åt fravasjiane'.[1] Den 19. dagen i månaden fravardin blir òg kalla fravardigan.

Namnet «muktad» blir brukt av indiske parsarar. Ordet er gujarati og kjem frå sanskrit mukti, 'frigjort sjel'.

Samband med andre høgtider endre

Forskarar har peikt på likskapar mellom feiringa av farvardigan og den jødiske høgtida purim. Dei var begge opphavleg vårfestar som blei markerte med gåvegjeving.[2] I Iran har fravardigan utvikla seg til den sekulære høgtida tsjaharsjanbe sori.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Mary Boyce: «On the Calendar of Zoroastrian Feasts», Bulletin of the School of Oriental and African Studies, University of London, Vol. 33, No. 3. (1970), pp. 513-539.
  2. Richard Foltz: «Judaism and the Silk Route», The History Teacher, Vol. 32, No. 1. (Nov., 1998), pp. 9-16.

Bakgrunnsstoff endre