Frederator Studios

Frederator Studios er eit amerikansk animasjonsstudio som lagar program for fjernsyn. Det er eit underselskap av Frederator Networks, Inc. og vart grunnlagt av Fred Seibert i 1997. Studioet gav ut sin første serie i 1998 og fokuserer hovudsakleg på kunstnarar som skriv eigne kortfilmar, seriar og langfilmar. Slagordet deira er «Original Cartoons since 1998» (Originale teiknefilmar sidan 1998). Studioet har avdelingar i New York City[1] og Burbank i California.[2]

Frederator Studios

Selskapsformprivat selskap Sjå dette på Wikidata
Skipa1997
MorselskapWow Unlimited Media Inc., Frederator Networks, Inc. Sjå dette på Wikidata
Bransjefilmindustri
Produktteiknefilm, stop-motion, dataanimert film, Flash animation Sjå dette på Wikidata
HovudkontorNew York by Sjå dette på Wikidata
GrunnleggjarFred Seibert
NykelpersonarMichael Hirsh
Nettstadhttps://frederator.com

Den 26. oktober 2016 danna Frederator Networks, Inc. ei samanslutning med det kanadiske animasjonsstudioet Rainmaker Entertainment og Ezrin Hirsh, Inc. under namnet Wow Unlimited Media.[3]

Kjelder Endra

  1. «Who are we?». Frederator Studios. Frederator Networks. Henta 22. juni 2018. 
  2. «About Us». Frederator Studios. Frederator Networks. Henta 22. juni 2018. 
  3. Wolfe, Jennifer (26. oktober 2016). «Rainmaker Entertainment Acquires Frederator, Rebranding As WOW!». Animation World Network. Henta 22. juni 2018. 

Bakgrunnsstoff Endra