Opna hovudmenyen

Frederic Edwin Church (4. mai 18267. april 1900) var ein USA-amerikansk romantisk landskapsmålar og kunstsamlar frå Hartford i Connecticut. Han var ein sentral figur i Hudson-River-skulen av landskapsmålarar i USA. Sjølv om han var mykje oppteken av naturvitskapane, var han «alltid oppteken med å få ein åndeleg dimensjon i verka sine».

Frederic Church
Frederic Edwin Church - Brady-Handy.jpg
Frederic Church, om lag 1860
Fødd 4. mai 1826
Hartford
Død

7. april 1900
New York by

Sjanger landskapsmåleri
Yrke kunstmålar, reisende, landskapsmålar, Kunstsamlar

Liv gjerningEndra

Skumring i villmarka, 1860

Church kom frå ein rik familie og fekk såleis alt i tidleg alder utvikle og konsentrere seg om kunstinteressa si. Han viste seg snøgt å vere eit naturtalent og eitt underbarn når det galdt måleri. Atten år gammal trefte han ein av USAs mest framståande landskapskunstnarar, Thomas Cole, som tok Church til elev og lærde han utifrå den såkalla Hudson-River-skulen. Etter Cole døydde i 1848 heldt Church fram arbeidet sitt i Hudson-River-skulen si ånd. Same året vart han vald inn som den yngste medlemen i'National Academy of Design.

Church busette seg i New York. Sommarhalvåret var han ute på vandringar i naturen der han samla inntrykk og inspirasjon til måleria sine. Kvar vinter vende han tilbake til New York for å selje verka sine. Likt læraren sin, Cole, gjorde Church utkast til måleria sine under vandringar i naturen, for å lette på arbeidet i atelieret. I seinare år gjorde han lange reiser til Sør-Amerika og langs kysten av Middelhavet. Der fann han nye vakre og romantiske paradislandskap som han avbilda.

Kunstsamlinga hans, med eigne, men framfor alt andre sine kunstverk frå heile verda, finst i bustaden «Olana» som han fekk bygt ved Hudsonelva i delstaten New York i USA.

GalleriEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Frederic Church