Opna hovudmenyen

Fredrik Bajer (21. april 183722. januar 1922) var ein dansk forfattar, lærar og politikar som saman med svenske Klas Pontus Arnoldson mottok Nobels fredspris i 1908.[1][2]

Fredrik Bajer
Frederik Bajer by E. Møller.jpg
Fødd 21. april 1837
Næstved
Død

22. januar 1922
København

Yrke skribent, politikar, lærar
Fredrik Bajer på Commons

Etter å ha delteke i den dansk-tyske krigen i 1864 busette Bajer seg i København. Han livnæra seg som lærar, forfattar og oversetjar. Han hadde fleire interesser og blant de viktigaste var kvinnesaka, utviklinga av det nordiske fellesskapet og det internasjonale fredsarbeidet.[3]I 1871 var han saman med kona Mathilde Bajer medstiftar av Dansk Kvindesamfund og i 1886 av Kvindelig Fremskridtsforening. Bajer var pasifist og stiftar av Dansk Fredsforening og Det internasjonale fredsbyrå i Bern i Sveits.[3]

Bajer var vald til Folketinget frå Venstre i perioden 1872–1895.

Norske frimerkeEndra

Fredrik Bajer er avbilda på to norske frimerke saman med Arnoldson. Frimerka kom ut i 1968:

  • NK 615, 65 øre raudleg brun, opplag: 4 731 000
  • NK 616, 90 øre blå, opplag: 2 456 000

KjelderEndra

  1. «Fredrik Bajer - Facts» (engelsk). Henta 2. oktober 2017. 
  2. «The Nobel Peace Prize 1908» (engelsk). Henta 2. oktober 2017. 
  3. 3,0 3,1 «Fredrik Bajer, 1837-1922». Danmarkshistorien / Aarhus Universitet. (dansk). Henta 2. oktober 2017.