Opna hovudmenyen

Fredrik Haugen

norsk fotballspelar

Fredrik Haugen (fødd 13. juni 1992) er ein norsk fotballspelar som frå 2011 spelte for Brann og som har hatt fleire landskampar for Noreg på aldersbestemte landslag. Før han gjekk til Brann, hadde han spelt heile karrieren i Løv-Ham.

Fredrik Haugen
Fredrik Haugen 2017.jpg
Personleg informasjon
Fødd 13. juni 1992 (27 år)
Fødestad Bergen
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Brann
Nummer 8
Ungdomsklubbar
-2008 Noreg Løv-Ham
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2009-2010
2011-
Noreg Løv-Ham
Noreg Brann
43 (11)
25 (2) [1]
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert

Haugen blei henta opp i A-lagsstallen til Løv-Ham før 2009-sesongen, saman med Kevin Dure. Han debuterte som innbytar mot Sogndal 26. april og skåra det første målet sitt i 16. mai-kampen mot Sarpsborg 08, som Løv-Ham vann 4–1. I løpet av sesongen fekk han ei rekke kampar for klubben, særleg fordi Erlend Storesund var ute med skade. Mot slutten av sesongen blei Haugen tildelt Kniksen-stipendet på kroner 10 000. Stipendet er oppkalla etter Roald «Kniksen» Jensen og blir delt ut kvart år til eit lokalt talent.[2]

Då Løv-Ham slo Start 14–13 på straffer på bortebane i tredje runde av cupen, var det Haugen som skåra på den siste og avgjerande straffa for Løv-Ham.[3] Han spelte også delar av kampen med armbrot.[4]

I løpet av 2009-sesongen trente Haugen også med Brann som ein del av samarbeidet mellom Løv-Ham og Brann.[5] Vinteren 2010 var han med på Brann sin treningsleir på La Manga og spelte der fleire treningskampar for klubben.[6]

I august 2010 signerte han ein kontrakt med Brann som går ut 2013-sesongen, men han fullførte sesongen i Løv-Ham.[7] Han debuterte i Tippeligaen for Brann som innbytar i opningskampen i 2011-sesongen, heime mot Rosenborg 20. mars 2011. Han spelte frå start første gong 10. juni 2011, heime mot Sogndal og skåra det første tippeligamålet sitt i ein bortekamp mot Odd Grenland 31. juli same året.

FotnotarEndra

  1. Norsk og internasjonal fotballstatistikk
  2. Hermod Hove (18. oktober 2009). «Haugen fikk Kniksen-stipend». ba.no. Henta 20. oktober 2009. 
  3. Pål Wollebæk Jørgensen (18. juni 2009). «17-åring ble cuphelt». Henta 8. juli 2009. 
  4. Ove Jacobsen (19. juni 2009). «Spilte med armbrudd». bt.no. Henta 8. juli 2009. 
  5. Roar Lyngøy (17. september 2009). «U-landslagsspiller trener med Brann». bt.no. Henta 2. oktober 2009. 
  6. Roar Lyngøy (19. februar 2010). «Brann avsluttet med sju lokale». bt.no. Henta 23. februar 2010. 
  7. brann.no Haugen blir Brann-spiller
Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå bokmålswikipediaen 19. mars 2011.