Fredrik Maseng

Johan Fredrik Olsen Maseng (14. januar 18641951) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Askim. Han var stortingsmann for Venstre i tida mellom 1909 og 1924.

Fredrik Maseng
Fredrik Maseng.jpg
Fødd 14. januar 1864
Død

1951 (87 år)

Yrke bonde

Maseng var son til ein gardbrukar. Han i gjekk i åra 1888-90 på amtsskulen i heimbygda Askim. Frå 1894 var han gardbrukar på farsgarden Maseng i Askim. Han var aktiv i skyttarlaget og i ungdomslaget, og var ei tid formann i skulestyret i Askim herad.

I to valperiodar, frå 1906 til -12, var han varamann til Stortinget frå Eidsberg krins. I 1909-sesjonen møtte han frå 25.8 til 13.9.09 på tinget i staden for Ludvig Larsen Kragtorp. Ved stortingsvalet 1915 vart han Maseng vald til å representere einmannskrinsen Eidsberg og partiet Venstre på Stortinget. Han vart attvald to gongar, siste gongen frå Østfold fylke. Perioden 1916-18 var han nestformann i Justiskomite nr 3, medan han i dei siste valperiodane var sekretær i Militærkomiteen.

KjelderEndra