Fredrik Olsson Romhus

Fredrik Olsson Romhus (15. desember 17531802) var ein norsk bondeklokkemakar frå AurskogRomerike.

Fredrik Olsson Romhus
Fødd 15. desember 1753
Død

1802 (48 år)

Han var fødd på plassen Randum under garden Tonsberg i Aurskog 15.12.1753, foreldra var husmannsfolka Ola Torsteinsson (1718-1795) og Anne Hansdotter (1726-1790). Han gifta seg 26.9.1776 i Aurskog med Anne Maria Jensdotter (1756-1803). Far hennar var Jens Askjellsson Bokstad (1726-1784), skulehaldar i bygda og elles ein særs gåverik mann, og det var frå han Fredrik lærde å laga klokker. Fredrik og huslyden hans flytte mykje frå stad til stad. Romhus-namnet tok Fredrik frå ein plass dei budde på som låg under prestegarden i Aurskog. Dei budde til sist på garden Vestre Auli i Nes på Romerike. Han lét etter seg sju søner, og den gjævaste klokkemakaren av dei var Mats Fredriksson Romhus.

KjelderEndra

  • Fortegnelse over ældre norske Urmagere især Bondeurmagere af Dr. A. Chr. Bang. Kristiania 1910. Tilgjengeleg på Digitalarkivet
  • Aurskog og Blaker b. 3. Bygdenes historie av Eyvind Lillevold. Hamar 1968.
  • Kyrkjebøkene I 2 og I 3 for Aurskog prestegjeld