Opna hovudmenyen

Fredrik V av Danmark-Noreg

(Omdirigert frå Fredrik V)

Kong Frederik V av Danmark-Noreg (31. mars 172314. januar 1766), av den oldenborgske slekta, var konge av Danmark og Noreg frå 1746 til 1766.

Frederik V
Portrait King Frederik V by Pilo.jpg
Konge av Danmark-Noreg
Regjeringstid17461766
Fødd31. mars 1723
FødestadKøbenhavn
Død14. januar 1766 (42 år)
DødsstadKøbenhavn
GravstadRoskilde domkyrkje
FøregangarChristian VI
EtterfølgjarChristian VII
Gift med1. Louise
2. Juliane Marie
DynastiFyrstehuset Oldenburg
MottoVed forsigtighed og bestandighed.
FarChristian VI
MorSophie Magdalene
BornMed Louise:
Kristian (1745-1747)
Sofia Magdalena av Danmark (1746-1813)
Vilhelmine Caroline (1747-1820)
Christian (1750-1808)
Louise (1750-1831)
Med Juliane Marie:
Frederik (1753-1805)
Uekte barn
Frederika Margaretha (1747-1802)
Frederika Katerina
Anna Maria
Sophia Charlotte
Ulrik Frederik

Han var son av kong Christian VI og Sophie Magdalene av Brandenburg-Kulmbach. Mor hans kalla han «der dänische Prinz» (på tysk: den danske prinsen). Nokre gonger tala han dansk i staden for tysk. Tysk var morsmålet. Han gifta han seg med Louise av Storbritannia den 10. november 1743 i Hannover. Bror til brura, hertugen av Cumberland, var til stades i staden for henne. Det "eigentlege" giftarmålet fann stad den 11. desember i København same år. Med dronninga fekk han fem born, mellom dei den seinare Christian VII. Like mange born fekk han med Madam Hansen. Else Hansen var den elskarinna han likte best. Etter at dronning Louise døydde i barsel i 1751, gifta han seg i 1752 i Fredensborg slottskyrkje med Juliane Marie av Braunschweig-Wolfenbuttel. Paret fekk berre ein son, Frederik, far til den seinare kong Christian VIII av Danmark.

Trass at Frederik voks opp i ein strengt pietistisk heim, vart han ein livsnytar som elska kvinner og vin. Tida gjekk med til byrundar på vertshus og bordell. Faren, den strengt religiøse Christian VI, tenkte på å gjera han umyndig. Kongen sine alkoholproblem utvikla seg, så den røynlege makta låg i hendene på geheimerådet og overhoffmarskalken Adam Gottlob Moltke. Trass drukkenskapen og utskeiingane, nytte den livlege og livsglade kongen stor popularitet. I motsetnad til Christian VI snakka han dansk. Kunst og vitskap fekk gode høve, og offentlege teaterframsyningar vert tillatne.

Frederik V si regjeringsperiode var prega av framgang for handel og den spirande industri, med krutverk og kanonstøyperi i Frederiksværk. Den første store danske industriverksemda vart oppført av Johan Frederik Classen. Krav om jordreform i Danmark vart ikkje imøtekome av Moltke, og bøndene merka ikkje noko til den økonomiske framgangen. I same tidsrom vart Det Kgl. Opfostringshus, Frederiks Hospital og Kunstakademiet oppretta i København. Han lét byggja bydelen Frederiksstaden med Amalienborg som knutepunkt. Dei fire palea i Amalienborg stod ferdige i 1760, medan Salys sin ryttarstatue av Frederik V kom i 1771. Kongen skulle ikkje sjølv bu i Frederikstaden. Han gav tomter med god plassering til viktige borgarar, mot at dei oppførte eit palé på tomta.

Frederik V ligg gravlagd i Roskilde domkyrkje.

I 1766 døydde Frederik V, berre 42 år gamal. Han vart gravlagd i Roskilde Domkyrkje og etterfylgd av sonen Christian VII.

Gift 1) med Louise av Storbritannia,

Born:

  1. Sofia Magdalena av Danmark, fødd 1746, gift med Gustav III av Sverige.
  2. Karoline av Danmark, fødd 1747, gift med Wilhelm I av Hessen-Kassel.
  3. Christian VII av Danmark, fødd 1749
  4. Louise av Danmark, fødd 1750, gift med Karl av Hessen-Kassel.

Gift 2) med Juliane Marie av Braunschweig-Wolfenbüttel

Born:

  1. arveprins Frederik av Danmark, fødd 1753.