Free Man in Paris
Free Man in Paris Singel av Joni Mitchell frå albumet Court and Spark | ||
B-side |
People's Parties | |
---|---|---|
Utgjeve | Juli 1974 | |
Innspelt | 1973 | |
Sjanger | Folkjazz, jazzfusion | |
Lengd | 3:02 | |
Selskap | Asylum | |
Komponist | Joni Mitchell | |
Tekstforfattar | Joni Mitchell | |
Låtskrivar(ar) | Joni Mitchell | |
Produsent | Joni Mitchell | |
Joni Mitchell-kronologi | ||
«Help Me» (1974) |
Free Man in Paris | «Big Yellow Taxi» (live) (1974)
|
«Free Man In Paris» er ein song skriven av den kanadiske visesongaren Joni Mitchell. Han vart gjeven ut i 1974 på albumet Court and Spark, og på konsertalbumet Shadows and Light. Songen er ein av dei mest kjende songane hennar[treng kjelde]. Songen handlar om musikkagenten David Geffen, ein nær ven av Mitchell tidleg i 1970-åra og skidldra Geffen under ei reise Geffen og Mitchell gjorde til Paris med Robbie og Dominique Robertson.[1] «Free Man in Paris» nådde 22. plassen på singellista i USA og andreplassen på Easy Listening-lista.[2]
I 1970-åra vart ein instrumentalversjon av songen nytta som kjenningsmelodi for CBC Television sitt The Saturday Evening News.
«Free Man In Paris» har vorte spelt av andre artistar som Neil Diamond, Sufjan Stevens, Adrienne Young, Phish og JoJo.[3] Han er rangert på 470. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene frå 2004, men var ikkje med på den oppdaterte lista deira frå 2010.
Medverkande
endre- Joni Mitchell — vokal, gitar
- Tom Scott — treblåseinstrument
- José Feliciano, Larry Carlton — elektrisk gitar
- Wilton Felder— bass
- John Guerin — trommer
- David Crosby and Graham Nash — korvokal
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Free Man in Paris» frå Wikipedia på engelsk, den 30. august 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Joni Mitchell looks at both sides now: her hits -- and misses, by Robert Hilburn, Los Angeles Times, 7 December 1996.
- ↑ Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 172.
- ↑ http://phish.net/setlists/?d=2010-06-25