Freedom av Neil Young

studioalbum av Neil Young
Freedom
Studioalbum av Neil Young
Språk engelsk
Utgjeve 2. oktober 1989
Innspelt 25. juli 1988 til 10. juli 1989
Studio The Barn-Redwood Digital i Arrow Ranch i Woodside i California; Jones Beach i New York (spor 1); The Hit Factory i New York City (spor 3, 5 og 8)
Sjanger Heartland rock, hardrock
Lengd 1:01:11
Selskap Reprise
Produsent Neil Young, Niko Bolas
Neil Young-kronologi 
Eldorado
(1989)
Freedom Ragged Glory
(1990)


Freedom er eit studioalbum av Neil Young som kom ut 2. oktober 1989.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[1]
Robert Christgau(A)[2]
Rolling Stone5/5 stars[3]

Freedom sprøyta nytt liv inn i karrieren til Neil Young etter at det meste av 1980-åra hadde vore mislukka kommersielt sett. Etter mykje krangling og eit søksmål forlet Young Geffen Records og gjekk tilbake til det opphavlege plateselskapet Reprise, i 1988 med This Note's for You. Freedom, derimot, vart ein stor suksess både kritikarmessig og salsmessig, på liknande vis som det klassiske Rust Never Sleeps hadde vore i 1979. Begge albuma inneheld konsertopptak der lyden av publikum er fjerna. Freedom inneheld songen «Rockin' in the Free World», der ei akustisk utgåve opnar albumet og ei elektrisk utgåve avsluttar det, på liknande vis som på Rust Never Sleeps. «Rockin' in the Free World» inneheld tekstlinjer som var kritiske mot den dåverande president George H. W. Bush og vart ein slags hymne for fallet til kommunismen (særleg fallet til Berlinmuren), som skjedde ein månad etter albumet kom ut, særleg på grunn av refrenget der «Keep on Rockin' in the Free World» vert gjenteke om att og om att.

Ein forkorta versjon av «Rockin' in The Free World» vart nytta over rulleteksten til Michael Moore-filmen Fahrenheit 9/11, og songen vart gjeven ut på ny som singel samstundes med filmen.

Stilmessig er albumet eit av dei mest varierte Young har gjeve ut, og varierer frå akustiske kjærleikssongar til tunge rockesongar. Tre av songane på Freedom («Don't Cry», «Eldorado» og «On Broadway») var tidlegare gjeven ut i Japan og Australia som EPen Eldorado og representerte på eit vis Young sin reaksjon på Grunge-miljøet, med tunge bølgjer av forvrengt gitar og feedback (ofte side om side med rolegare parti). To av songane hadde blåsarar, noko som var uvanleg for Young om ein ser bort i frå det førre albumet This Note's For You.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Neil Young, bortsett frå der andre er nemnde.

Nr.TittelLengd
1.«Rockin' in the Free World» (akustisk konsertopptak)3:38
2.«Crime in the City (Sixty to Zero Part I)»8:45
3.«Don't Cry»4:14
4.«Hangin' on a Limb»4:18
5.«Eldorado»6:03
6.«The Ways of Love»4:29
7.«Someday»5:40
8.«On Broadway» (Barry Mann, Cynthia Weil, Jerry Leiber, Mike Stoller)4:57
9.«Wrecking Ball»5:08
10.«No More»6:03
11.«Too Far Gone»2:47
12.«Rockin' in the Free World» (elektrisk)4:41

Medverkande endre

Andre medverkande endre

Salslister endre

Vekeslister endre

År Liste Plassering
1989 The Billboard 200 (U.S.) 35

Singlar endre

År Singel Liste Plassering
1989 "No More" Billboard Mainstream Rock Tracks 7
"Rockin' in the Free World" (Electric) Billboard Mainstream Rock Tracks 2
1990 "Crime in the City" (Electric version) Billboard Mainstream Rock Tracks 34

Salstrofé endre

Organisasjon Nivå Dato
BPI – UK Silver 2. desember 1989
CRIA – Canada Gull 19. februar 1990
RIAA – U.S. Gull 21. februar 1990

Kjelder endre

  1. Ruhlmann, William. Freedom – Neil YoungAllmusic. Henta 4. mars 2019.
  2. Christgau, Robert (31. oktober 1989). «Consumer Guide: Neil Young: Freedom». The Village Voice. Henta 4. mars 2019.  òg posta på «Neil Young: Freedom > Consumer Guide Album». Robert Christgau. Henta 4. mars 2019. 
  3. Fricke, David (2. november 1989). «Neil Young Lets 'Freedom' Ring». Rolling Stone (564): 91. Arkivert frå originalen den 4. november 2007. Henta 4. mars 2019.