Freifjordtunnelen
Freifjordtunnelen er ein del av KRIFAST, fastlandssambandet for Kristiansund kommune som vart opna for trafikk i august 1992. Han er ein del av riksveg 70. Ved opninga var tunnelen verdas lengste undersjøiske vegtunnel med ei lengd på 5 086 m og djupn på 130 meter under havet. Største stigninga i Freifjordtunnelen er 9 %.
Ved opninga erstatta Freifjordtunnelen ferjesambandet Kvisvik-Kvalvåg.