Fretheim bru
Fretheim bru er ei kommunal vegbru i Flåm i Aurland kommune i Sogn og Fjordane. Brua kryssar Flåmselvi ved Fretheim. Ho er ei bogebru i limtre og er 38 meter lang. Fertehim bru vart opna jonsokafta i 2006.[1] Brua er prosjektert med 100 års levetid.
![]() Fretheim bru. Foto: Jun Kwang Han | |||
Type | vegbru | ||
---|---|---|---|
Stad | Flåm | ||
Opna | 2006 | ||
Lengd | 38 meter | ||
Breidd | 6 m. | ||
Kryssar | Flåmselvi | ||
Materiale | limtre | ||
Utforming | Bogebru | ||
![]() Fretheim bru |
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Fretheim bru» frå Wikipedia på bokmål, den 26. november 2009.