Opna hovudmenyen

Friendship av Junipher Greene

studioalbum av Junipher Greene
Friendship
Studioalbum av Junipher Greene
Utgjeve Seinhausten 1971
Innspelt Sporadisk mellom November 1970 - mai 1971
Sjanger Progressiv rock
Lengd Originalutgåve 62:03
Deluxeutgave: 92:03
Produsent Junipher Greene, Nils Bjarne Kvam & Harald Are Lund
Kritikk
Junipher Greene-kronologi
Friendship Communication
(1973)


Friendship er debutalbumet til det norske progrockbandet Junipher Greene. Det kom ut i 1971, og er kjent som det første dobbeltalbumet i Noreg. Produsentar var bandet sjølv, Nils Bjarne Kvam og Harald Are Lund. Albumet låg 13 veker på VG-lista i 1971 og 1972, med nummer åtte som beste plassering.[1]

Plateomslaget er eit utbrettomslag måla av Odd Nerdrum.

InnspelingEndra

Bandet kom inn på plateselskapet Sonet, og innspelinga av plata byrja i Arne Bendiksens Studio alt i november 1970. Nils Bjarne Kvam var lydteknikar og medprodusent. Harald Are Lund – kjent frå NRK radio – var òg del av produsentteamet.

Innspelinga tok tid, og ikkje alt gjekk glatt. «Vi var heile tida sisteval», sa trommeslagaren Geir Bøhren - «Ofte måtte vi vente når vi kom, fordi andre som heldt på i studio ikkje var heilt ferdige. Mykje nattejobbing.» Gitarist Bent Åserud sa «Det var veldig slitsamt. Vi hadde ei natt, og så var det kanskje ikkje noko ledig studio på tre veker, og så fikk vi ei natt igjen.» Bøhren meiner at sjølve grunnsoundet kunne vore meir einskapleg frå låt til låt - «Lydbiletet skiftar heile tida. I og med at vi måtte rigge opp og ned og at ting aldri fekk sett seg skikkeleg lydmessig, vart det slik.» Nils Bjarne Kvam hadde mykje og stri med - «Vi spelte inn på ein Lyrec åttespors bandopptakar. Eit dansk merke, og den første åttesporsspelaren i Noreg. Han fungerte ikkje heilt som han skulle, nokre gongar berre stoppa han. Dessutan hadde han nokre ikkje heilt patente lydhovud, og det gikk litt utover basslyden her og der. Berre så det er sagt, bandet er blitt remastra i ettertid, og let no som han skal.»[2]

TekstarEndra

Tekstar var ikkje den sterke sida til bandet, og dei kom som oftast frå vener og kjende, eller som i ein del av tilfella, frå Harald Are Lund, som leverte frå seg tekster under pseudonymet Clever Duck (Are Lund = Lure And). Tittelverket har tekst av den svenskamerikanske lyrikaren Alex K. Carlsson.

HistorieEndra

Det vart spelt inn så mykje musikk under innspelinga av albumet, at det var altfor mykje til å få plass på berre to LP-sider, derfor måtte det bli eit dobbeltalbum. «Eg var på eit møte der det vart avgjort», fortel Nils Bjarne Kvam – og hugsar at Arne Bendiksen sa at «det blir dyrt med eit dobbeltalbum». Men han kom med eit forslag om at bandet ikkje skulle få nokre honorar før den andre matrisa var betalt. Og då vart det slik.

Den originale plata kom ut seinhausten 1971, og seinare i 1989, 2003 og 2007, pluss fleire utanlandske piratkopiar på LP og CD. I 2008 kom plata ut i ein nymastra deluxeutgåve. Denne utgåva inneheldt ein bonus-CD med ein tidleg versjon av «Friendship», ei innspeling gjort i det den gong nystarta Rosenborg StudioMajorstua, på ein firespors-bandopptakar. Egil Eide var lydteknikar. Innspelinga vart gjort for å teste ut studioet, det var første gong det vart testa. Bandet spelte for å få studiorutine. Bandet har i alle år blitt rekna som tapt, før det vart funne att i arkivet til Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana tidleg i 2008.

EttertidEndra

Albumet er kjent som det første dobbeltalbumet i noregshistoria, og ein påle innanfor norsk musikk. I 2007 vart albumet kåra til tidenes norske rockealbum av Dagens Næringsliv.[3] Dette og ei ny utgåve på LP (Sandem Records) gjorde at bandet spelte den første konserten sin på 25 år, den 31. august 2007. Der spelte dei så godt som heile albumet frå byrjing til til slutt.

Etter albumet kom ut i 1971 har den originale vinylutgåva med utbrettscoveret av Odd Nerdrums maleri blitt eit samlarobjekt. Ei vinylplate i fin stand kan kome opp i et par tusen kroner.[4]

Omtale av «Friendship»Endra

« Sett i samanheng med annen norsk populærmusikk frå samtida si, er «Friendship» ein bauta. Den står som ein påle framleis. Med unnatak av nokre småting (sett med dagens auge) er ho feilfri. »
« «Friendship» høyres ut som eit engelsk progband frå den tida. Det ville eg truleg teke dei for å vere. Ein skulle eigentleg tru at eit norsk band ville brukt endå nokre år (etter 1971) på å kome dit Junipher Greene nådde med dette albumet, både når det gjeld musikk og produksjon »

ListeplasseringarEndra

År Liste Beste plassering Veker
1971–1972 VG-lista[1] 8 13

InnhaldEndra

# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Try to Understand»  Freddy Dahl/Bent Åserud 4:50
2. «Witches Daughter»  Åserud - Clever Duck 3:30
3. «Music for our Children»  Dahl/Åserud - Clever Duck/Helge Grøslie 7:00
4. «A Spectre is Haunting the Peninsula»  Dahl/Grøslie/Åserud - Clever Duck 2:53
5. «Sunrise/Sunset»  Grøslie - Clever Duck 4:11
6. «Magical Garden»  Åserud - Peter Skodbo 7:11
7. «Autumn Diary»  Grøslie - Clever Duck 1:53
8. «Maurice»  Junipher Greene 4:24
9. «Attila's Belly-Dance»  Junipher Greene 0:40
10. «Friendship
I. Prelude: «Take the Road Across the Bridge» (Dahl/Åserud – Skodbo) – 6:10
II. «Friendship» – 2:23
III.«Interlude» – 0:55
IV. «Mountain Voices» – 4:53
V. «Land of the Foxes» – 1:26
VI. «Friendship That's Earned» – 1:36
VII. «Into the Cloudburst» – 2:57
VIII. «Manitou's Skylands & Down to Earth» – 3:34
IX. «Friendship» – 2:04»  
Dahl/Åserud/Alex K. Carlsson 26:02

Deluxeutgåve frå 2008 (disk to)Endra

  1. «Friendship» (Dahl/Åserud/Alex K. Carlsson) – 29:32
I. Prelude: «Take the Road Across the Bridge» (Dahl/Åserud – Skodbo) – 6:12
II. «Friendship» – 2:18
III.«Interlude» – 0:54
IV. «Mountain Voices» – 7:01
V. «Land of the Foxes» – 1:23
VI. «Friendship That's Earned» – 1:31
VII. «Into the Cloudburst» – 3:44
VIII. «Manitou's Skylands & Down to Earth» – 4:23
IX. «Friendship» – 2:13

MedverkandeEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 http://lista.vg.no/album_info.php?AlbumOp=show&albumId=3193&albumtype=album&albumtype_id=1
  2. Mesteparten av fakta er frå CD-heftet som følgde med deluxeutgaven frå 2008
  3. http://www.dn.no/forsiden/etterBors/article1132963.ece
  4. http://www.dagsavisen.no/kultur/article320988.ece

BakgrunnsstoffEndra