Opna hovudmenyen

Friidrett under Sommar-OL 1968

Estadio Olimpico Universitario

Friidrettsøvingane under Sommar-OL 1968 i Mexico by vart avvikla i tida 13. til 20. oktober 1968. Det vart tevla i 36 øvingar, 24 for menn og 12 for kvinner. 1031 utøvarar frå 93 land deltok i tevlingane. Tevlingane fann stad på Estadio Olímpico Universitario, eit anlegg byg i 1952 som i dag har plass til vel 63 000 tilskodarar.

I den store høgda, 2 200 meter over havet, vart det sett ei rad med verdsrekordar. Særleg i sprintøvingane og øvingane for menn vart mange verdsrekordar forbetra. Den olympiske meisteren på 100 meter, Jim Hines frå USA, tangerte den offisielle verdsrekorden på manuell tid med 9,9 sekundar, og vart samstundes med 9,95 den fyrste som fekk registrert ei elektronisk tid under 10,00 på distansen. På kvinnene sin 100 meter forsvarte Wyomia Tyus frå USA OL-gullet med verdsrekord på 11,0, elektronisk tid 11,08. Tommie Smith, også USA, forbetra verdsrekorden på 200 m for menn, polske Irena Szewińska gjorde det same på kvinnene sin 200 m. Lee Evans frå USA vart fyrstemann under 44 sekundar på 400 meter, medan britiske David Hemery forbetra verdsrekorden på 400 m hekk. Australiaren Ralph Doubell tangerte verdsrekorden på 800 meter. USA sine lag på 4 x 100 m stafett for kvinner og menn, samt 4x 400 m stafett for menn, pynta alle på dei eksisterande verdsrekordane. Viorica Viscopoleanu frå Romania forbetra verdsrekorden i lengdehopp for kvinner. Langt større åtgaum vekte det at USA-amerikanske Bob Beamon forbetra verdsrekorden i lengdehopp for menn med heile 55 centimeter til 8,90 m. I tresteghopp vart verdsrekorden forbetra fem gongar av tre ulike utøvarar gjennom kvalifiseringa og finalen. Til sist vart Viktor Sanejev frå Sovjetunionen olympisk meister på sitt andre og siste rekordhopp. Margitta Gummel frå Aust-Tyskland sette ny verdsrekord i kulestøyt for kvinner. Størst åtgaum fekk likevel den olympiske meisteren i høgdehopp, Dick Fosbury frå USA, som sette olympisk rekord med si nyskapande hoppmetode der han i satspunktet vende ryggen mot lista. Den nye stilen, den såkalla Fosbury-floppen, skulle i løpet av ein periode på litt over ti år verte heilt dominerande mellom høgdehopparar.

Friidrettstevlingane vert elles hugsa for Black Power-protesten under sigersseremonien på 200 meter for menn. Gullvinnaren Tommie Smith og bronsemedaljøren John Carlos reiste begge høgrearmen i veret med ein svart hanske under avspelinga av den USA-amerikanske nasjonalsongen, ein protest mot rasediskrimineringa i heimlandet. Dei vart nekta å delta vidare i leikane.

MennEndra

100 mEndra

Plass Utøvar Land Tid
1 Jim Hines   USA 09,95 VR
2 Lennox Miller   Jamaica 10,04
3 Charles Greene   USA 10,07
4 Pablo Montes   Cuba 10,14
5 Roger Bambuck   Frankrike 10,15
6 Mel Pender   USA 10,17

Finale: 14. oktober

200 mEndra

Plass Utøvar Land Tid
1 Tommie Smith   USA 19,83 VR
2 Peter Norman   Australia 20,06
3 John Carlos   USA 20,10
4 Edwin Roberts   Trinidad og Tobago 20,34
5 Roger Bambuck   Frankrike 20,51
6 Larry Questad   USA 20,62

Finale: 16. oktober

400 mEndra

Plass Utøvar Land Tid
1 Lee Evans   USA 43,86 VR
2 Larry James   USA 43,97
3 Ron Freeman   USA 44,41
4 Amadou Gakou   Senegal 45,01
5 Martin Jellinghaus   Vest-Tyskland 45,33
6 Tegegne Bezabeh   Etiopia 45,42

Finale: 18. oktober

800 mEndra

Plass Utøvar Land Tid
1 Ralph Doubell   Australia 1.44,3 VR
2 Wilson Kiprugut   Kenya 1.44,5
3 Tom Farrell   USA 1.45,4
4 Walter Adams   Vest-Tyskland 1.45,8
5 Jozef Plachý   Tsjekkoslovakia 1.45,9
6 Dieter Fromm   Aust-Tyskland 1.46,2

Finale: 15. oktober

1500 mEndra

Plass Utøvar Land Tid
1 Kipchoge Keino   Kenya 3.34,9 OR
2 Jim Ryun   USA 3.37,8
3 Bodo Tümmler   Vest-Tyskland 3.39,0
4 Harald Norpoth   Vest-Tyskland 3.42,5
5 John Whetton   Storbritannia 3.43,8
6 Jacques Boxberger   Frankrike 3.46,6

Finale: 20. oktober

5000 mEndra

Plass Utøvar Land Tid
1 Mohammed Gammoudi   Tunisia 14.05,0
2 Kipchoge Keino   Kenya 14.05,2
3 Naftali Temu   Kenya 14.06,4
4 Juan Martínez   Mexico 14.10,8
5 Ron Clarke   Australia 14.12,4
6 Wohib Masresha   Etiopia 14.17,6

Finale: 17. oktober

10 000 mEndra

Plass Utøvar Land Tid
1 Naftali Temu   Kenya 29.27,4
2 Mamo Wolde   Etiopia 29.28,0
3 Mohammed Gammoudi   Tunisia 29.34,2
4 Juan Martínez   Mexico 29.35,0
5 Nikolaj Sviridov   Sovjetunionen 29.43,2
6 Ron Clarke   Australia 29.44,8
7 Ron Hill   Storbritannia 29.53,2

14. oktober

MaratonEndra

Plass Utøvar Land Tid
1 Mamo Wolde   Etiopia 2.20.26,4
2 Kenji Kimihara   Japan 2.23.31,0
3 Mike Ryan   New Zealand 2.23.45,0
4 Ismail Akçay   Tyrkia 2.25.18,8
5 Bill Adcocks   Storbritannia 2.25.33,0
6 Merawi Gebru   Etiopia 2.27.16,8

20. oktober

20 km kappgangEndra

Plass Utøvar Land Tid
1 Volodimir Holubnitsjij   Sovjetunionen 1.33.58,4
2 José Pedraza   Mexico 1.34.00,0
3 Nikolaj Smaga   Sovjetunionen 1.34.03,4
4 Rudy Haluza   USA 1.35.00,2
5 Gerhard Sperling   Aust-Tyskland 1.35.27,2
6 Otto Bartsj   Sovjetunionen 1.36.16,8
7 Hans-Georg Reimann   Aust-Tyskland 1.36.31,4

14. oktober

50 km kappgangEndra

Plass Utøvar Land Tid
1 Christoph Höhne   Aust-Tyskland 4.20.13,6
2 Antal Kiss   Ungarn 4.30.17,0
3 Larry Young   USA 4.31.55,4
4 Peter Selzer   Aust-Tyskland 4.33.09,8
5 Stig-Erik Lindberg   Sverige 4.34.05,0
6 Vittorio Visini   Italia 4.36.33,2

17. oktober

110 m hekkEndra

Plass Utøvar Land Tid
1 Willie Davenport   USA 13,33 OR
2 Ervin Hall   USA 13,42
3 Eddy Ottoz   Italia 13,46
4 Leon Coleman   USA 13,6
5 Werner Trzmiel   Vest-Tyskland 13,6
6 Bo Forssander   Sverige 13,7

Finale: 17. oktober

400 m hekkEndra

Plass Utøvar Land Tid
1 David Hemery   Storbritannia 48,12 VR
2 Gerhard Hennige   Vest-Tyskland 49,02
3 John Sherwood   Storbritannia 49,03
4 Geoff Vanderstock   USA 49,0
5 Vjatsjeslav Skomorokhov   Sovjetunionen 49,1
6 Ron Whitney   USA 49,2

Finale: 15. oktober

3000 m hinderEndra

Plass Utøvar Land Tid
1 Amos Biwott   Kenya 8.51,0
2 Benjamin Kogo   Kenya 8.51,6
3 George Young   USA 8.51,8
4 Kerry O’Brien   Australia 8.52,0
5 Aleksandr Morosov   Sovjetunionen 8.55,6
6 Mikhail Sjelev   Bulgaria 8.58,4
7 Gaston Roelants   Belgia 8.59,4
8 Arne Risa   Noreg 9.09,0

Finale: 16. oktober

4 × 100 m stafettEndra

Plass Land Utøvarar Tid
1   USA Charles Greene
Mel Pender
Ronnie Ray Smith
Jim Hines
38,24 VR
2   Cuba Hermes Ramírez
Juan Morales
Pablo Montes
Enrique Figuerola
38,40
3   Frankrike Gérard Fenouil
Jocelyn Delecour
Claude Piquemal
Roger Bambuck
38,43
4   Jamaica Errol Stewart
Michael Fray
Clifton Forbes
Lennox Miller
38,4
5   Aust-Tyskland Heinz Erbstößer
Hartmut Schelter
Peter Haase
Harald Eggers
38,6
6   Vest-Tyskland Karl-Peter Schmidtke
Gert Metz
Gerhard Wucherer
Joachim Eigenherr
38,7

Finale: 20. oktober

4 × 400 m stafettEndra

Plass Land Utøvarar Tid
1   USA Vince Matthews
Ron Freeman
Larry James
Lee Evans
2.56,1 VR
2   Kenya Charles Asati
Munyoro Nyamau
Naftali Bon
Daniel Rudisha
2.59,6
3   Vest-Tyskland Helmar Müller
Manfred Kinder
Gerhard Hennige
Martin Jellinghaus
3.00,5
4   Polen Stanisław Grędziński
Jan Balachowski
Jan Werner
Andrzej Badeński
3.00,5
5   Storbritannia Martin Winbolt-Lewis
Colin Campbell
David Hemery
John Sherwood
3.01,2
6   Trinidad og Tobago George Simon
Euric Bobb
Benedict Cayenne
Edwin Roberts
3.04,5

Finale: 20. oktober

HøgdehoppEndra

Plass Utøvar Land Høgde
1 Dick Fosbury   USA 2,24 OR
2 Ed Caruthers   USA 2,22
3 Valentin Gavrilov   Sovjetunionen 2,20
4 Valerij Skvortsov   Sovjetunionen 2,16
5 Reynaldo Brown   USA 2,14
6 Giacomo Crosa   Italia 2,14

Finale: 20. oktober

StavhoppEndra

Plass Utøvar Land Høgde
1 Bob Seagren   USA 5,40 OR
2 Claus Schiprowski   Vest-Tyskland 5,40 OR
3 Wolfgang Nordwig   Aust-Tyskland 5,40 OR
4 Christos Papanikolaou   Hellas 5,35
5 John Pennel   USA 5,35
6 Gennadij Blisnetsov   Sovjetunionen 5,30

Finale: 16. oktober

LengdehoppEndra

Plass Utøvar Land Lengde
1 Bob Beamon   USA 8,90 VR
2 Klaus Beer   Aust-Tyskland 8,19
3 Ralph Boston   USA 8,16
4 Igor Ter-Ovanesjan   Sovjetunionen 8,12
5 Tõnu Lepik   Sovjetunionen 8,09
6 Allen Crawley   Australia 8,02

Finale: 18. oktober

TresteghoppEndra

Plass Utøvar Land Lengde
1 Viktor Sanejev   Sovjetunionen 17,39 VR
2 Nelson Prudêncio   Brasil 17,27
3 Giuseppe Gentile   Italia 17,22
4 Art Walker   USA 17,12
5 Nikolaj Dudkin   Sovjetunionen 17,09
6 Phil May   Australia 17,02

Finale: 17. oktober

KulestøytEndra

Plass Utøvar Land Lengde
1 Randy Matson   USA 20,54
2 George Woods   USA 20,12
3 Eduard Gusjtsjin   Sovjetunionen 20,09
4 Dieter Hoffmann   Aust-Tyskland 20,00
5 Dave Maggard   USA 19,43
6 Władysław Komar   Polen 19,28

Finale: 14. oktober Randy Matson sette olympisk rekord med 20,68 meter i kvalifiseringa.

DiskoskastEndra

Plass Utøvar Land Lengde
1 Al Oerter   USA 64,78 OR
2 Lothar Milde   Aust-Tyskland 63,08
3 Ludvík Daněk   Tsjekkoslovakia 62,92
4 Hartmut Losch   Aust-Tyskland 62,12
5 Jay Silvester   USA 61,78
6 Gary Carlsen   USA 59,46

Finale: 15. oktober

SleggjekastEndra

Plass Utøvar Land Lengde
1 Gyula Zsivótzky   Ungarn 73,36 OR
2 Romuald Klim   Sovjetunionen 73,28
3 Lázár Lovász   Ungarn 69,78
4 Takeo Sugawara   Japan 69,78
5 Sándor Eckschmiedt   Ungarn 69,46
6 Gennadij Kondrasjov   Sovjetunionen 69,08

Finale: 17. oktober

SpydkastEndra

Plass Utøvar Land Lengde
1 Jānis Lūsis   Sovjetunionen 90,10 OR
2 Jorma Kinnunen   Finland 88,58
3 Gergely Kulcsár   Ungarn 87,06
4 Władysław Nikiciuk   Polen 85,70
5 Manfred Stolle   Aust-Tyskland 84,42
6 Åke Nilsson   Sverige 83,48

Finale: 16. oktober

TikampEndra

Plass Utøvar Land Poeng
1 Bill Toomey   USA 8193 OR
2 Hans-Joachim Walde   Vest-Tyskland 8111
3 Kurt Bendlin   Vest-Tyskland 8064
4 Mykola Avilov   Sovjetunionen 7909
5 Joachim Kirst   Aust-Tyskland 7861
6 Tom Waddell   USA 7720

18./19. oktober

KvinnerEndra

100 mEndra

Plass Utøvar Land Tid
1 Wyomia Tyus   USA 11,08 VR
2 Barbara Ferrell   USA 11,15
3 Irena Szewińska   Polen 11,19
4 Raelene Boyle   Australia 11,1
5 Margaret Bailes   USA 11,3
6 Dianne Burges   Australia 11,4

Finale: 15. oktober

200 mEndra

Plass Utøvar Land Tid
1 Irena Szewińska   Polen 22,58 VR
2 Raelene Boyle   Australia 22,74
3 Jennifer Lamy   Australia 22,88
4 Barbara Ferrell   USA 22,9
5 Nicole Montandon   Frankrike 23,0
6 Wyomia Tyus   USA 23,0

Finale: 18. oktober

400 mEndra

Plass Utøvar Land Tid
1 Colette Besson   Frankrike 52,03 OR
2 Lillian Board   Storbritannia 52,12
3 Natalja Petsjonkina   Sovjetunionen 52,25
4 Janet Simpson   Storbritannia 52,5
5 Aurelia Pentón   Cuba 52,7
6 Jarvis Scott   USA 52,7

Finale: 16. oktober

800 mEndra

Plass Utøvar Land Tid
1 Madeline Manning   USA 2.00,9 OR
2 Ileana Silai   Romania 2.02,5
3 Maria Gommers   Nederland 2.02,6
4 Sheila Taylor   Storbritannia 2.03,8
5 Doris Brown   USA 2.03,9
6 Pat Lowe   Storbritannia 2.04,2

Finale: 19. oktober

80 m hekkEndra

Plass Utøvar Land Tid
1 Maureen Caird   Australia 10,39 OR
2 Pam Kilborn   Australia 10,46
3 Chi Cheng   Taiwan 10,51
4 Patty Van Wolvelaere   USA 10,5
5 Karin Balzer   Aust-Tyskland 10,6
6 Danuta Straszyńska   Polen 10,6

Finale: 18. oktober

4 × 100 m stafettEndra

Plass Land Utøvarar Tid
1   USA Barbara Ferrell
Margaret Bailes
Mildrette Netter
Wyomia Tyus
42,88 VR
2   Cuba Marlene Elejarde
Fulgencia Romay
Violetta Quesada
Miguelina Cobián
43,36
3   Sovjetunionen Ljudmila Sjarkova
Galina Bukharina
Vera Popkova
Ljudmila Samotjosova
43,41
4   Nederland Wilma van den Berg
Mieke Sterk
Truus Hennipman
Corrie Bakker
43,4
5   Australia Jennifer Lamy
Joyce Bennett
Raelene Boyle
Dianne Burge
43,4
6   Vest-Tyskland Renate Meyer
Jutta Stöck
Rita Jahn
Ingrid Becker
43,6

Finale: 20. oktober

HøgdehoppEndra

Plass Utøvar Land Høgde
1 Milena Rezková   Tsjekkoslovakia 1,82
2 Antonina Okorokova   Sovjetunionen 1,80
3 Valentyna Kosyr   Sovjetunionen 1,80
4 Jaroslava Valentová   Tsjekkoslovakia 1,78
5 Rita Schmidt   Aust-Tyskland 1,78
6 Mária Faithová   Tsjekkoslovakia 1,78

Finale: 17. oktober

LengdehoppEndra

Plass Utøvar Land Lengde
1 Viorica Viscopoleanu   Romania 6,82 VR
2 Sheila Sherwood   Storbritannia 6,68
3 Tatjana Talysjeva   Sovjetunionen 6,66
4 Burghild Wieczorek   Aust-Tyskland 6,48
5 Mirosława Sarna   Polen 6,47
6 Ingrid Becker   Vest-Tyskland 6,46
7 Berit Berthelsen   Noreg 6,40

Finale: 14. oktober

KulestøytEndra

Plass Utøvar Land Lengde
1 Margitta Gummel   Aust-Tyskland 19,61 VR
2 Marita Lange   Aust-Tyskland 18,78
3 Nadesjda Tsjisjova   Sovjetunionen 18,19
4 Judit Bognár   Ungarn 17,78
5 Renate Boy   Aust-Tyskland 17,72
6 Ivanka Khristova   Bulgaria 17,25

Finale: 20. oktober

DiskoskastEndra

Plass Utøvar Land Lengde
1 Lia Manoliu   Romania 58,28 OR
2 Liesel Westermann   Vest-Tyskland 57,76
3 Jolán Kleiber-Kontsek   Ungarn 54,90
4 Anita Otto   Aust-Tyskland 54,40
5 Antonina Popova   Sovjetunionen 53,42
6 Olga Connolly   USA 52,96

Finale: 18. oktober

SpydkastEndra

Plass Utøvar Land Lengde
1 Angéla Németh   Ungarn 60,36
2 Mihaela Peneș   Romania 59,92
3 Eva Janko   Austerrike 58,04
4 Márta Rudas   Ungarn 56,38
5 Daniela Jaworska   Polen 56,06
6 Nataša Urbančič   Jugoslavia 55,42

Finale: 14. oktober

FemkampEndra

Plass Utøvar Land Poeng
1 Ingrid Becker   Vest-Tyskland 5098
2 Liese Prokop   Austerrike 4966
3 Annamária Tóth   Ungarn 4959
4 Valentina Tikhomirova   Sovjetunionen 4927
5 Manon Bornholdt   Vest-Tyskland 4890
6 Pat Winslow   USA 4877

15./16. oktober

KjelderEndra