Friksjonsvinkel er ein eigenskap til granulært material. Når store mengder med granulært material vert tømd utover ei horisontal flate, vert det danna ein kjegleforma haug. Vinkelen mellom den horisontale flata og overflata på haugen vert kalla friksjonsvinkelen og er relaterte til tettleiken, overflatearealet og friksjonskoeffisienten til stoffet. Stoff med låg friksjonsvinkel dannar flatare haugar enn stoff med høg friksjonsvinkel.

Bruk endre

Denne eigenskapen vert av og til brukt for å designe utstyr i foredling av forskjellige partiklar. Til dømes kan han brukast til å designe ein passande silo til å lagre materialet. Han kan òg brukast til å avgjere storleiken på eit transportband for å transportere stoffet, for å avgjere kor vidt ein skråning vil kollapse eller ikkje, eller for å rekne ut stabiliten til fartøy.

Målingar endre

Det er fleire måtar å måle friksjonsvinkelen på, og kvar av dei gjev litt forskjellig resultat. Resultatet er òg sensitivt til den nøyaktige metoden som vert brukt. På grunn av dette kan ikkje resultat frå forskjellige laboratorium alltid samanliknast.