Fristaten Preussen

Fristaten Preussen (tysk Freistaat Preußen) var ein tysk stat oppretta då Kongedømet Preussen vart avskaffa etter den første verdskrigen. Han var den store staten i Tyskland under Weimarrepublikken og utgjorde om lag fem åttandedelar av både areal og folkesetnad. [1] Fristat er eit tysk uttrykk for Republikk som vart nytta som ein motvekt til det latinske uttrykket, som var assosiert med fienden Frankrike hos mange tyskarar på denne tida. Den demokratiske fristaten Preussen vart sett til side då han vart teke over under eit kupp i 1932/33 og Otto Braun vart fjerna frå embetet.


Historia til Brandenburg og Preussen
Nordmark
før 1100-talet
Gammalprøyssarane
før 1200-talet
Markgrevskapet Brandenburg
11571618 (1806)
Ordensstaat
12241525
Hertugdømet Preussen
15251618
Det kongelege (polske) Preussen
14661772
Brandenburg-Preussen
16181701
Kongedøme i Preussen
17011772
Kongedømet Preussen
17721918
Fristaten Preussen
19181947
Brandenburg
19471952 / 1990
Fristaten Preussen i Tyskland under perioden med Weimarrepublikken

Regjeringa hans gjekk til retten på grunn av dette og etter den andre verdskrigen møtte Otto Braun dei amerikanske styresmaktene for å få gjeninnsett den rettmessige prøyssiske regjeringa. Amerikanarane og dei andre allierte styrkane, som no okkuperte heile Tyskland, var ikkje interessert og erklærte Preussen for avskaffa i 1947.

Kjelder endre

Fotnotar
  1. Beckmanns Welt-Lexikon und Welt-Atlas. Leipzig / Vienna: Verlagsanstalt Otto Beckmann. 1931. 
  Denne geografiartikkelen som har med Preussen å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.