Opna hovudmenyen

Fritt Ords honnør er ein pris som vert utdelt av skipinga Fritt Ord, til ein eller fleire mottakarar i året. Prisen skal vera ei påskjønning som vert utdelt for verdifull verksemd i tenesta til det frie ordet, gjerne i tilknyting til ei aktuell sak. Honnøren vert utdelt når nokon fortener han, utan avgrensingar.

Med prisen fylgjer det ein krystallvase og ein pengesum.

Skipinga deler også ut Fritt Ord-prisen.

Mottakarar av Fritt Ords honnørEndra

  • 2016 - Loveleen Rihel Brenna og Walid al-Kubaisi «for innspill i innvandrings- og integreringsdiskusjoner (...) sekulære (ikke-religiøse) premisser, og bidratt til nyansering og vitalisering av mangfoldsdebatten»[1]
  • 2015 - Flemming Rose og Vebjørn Selbekk «for deres prinsippfaste forsvar for ytringsfriheten gjennom ti år med karikaturstrid.».[2]
  • 2013 - Per Edgar Kokkvold for hans prinsippfaste forsvar for ytringsfridommen, også under mangeårige drapstruslar, og for hans mange og skarpe kommentarar til journalistisk praksis som bidrag til sjølvkritikken og sjølvreguleringa til pressa.
Nils E. Øy for hans utrøyttelege kamp gjennom førti år for offentlegheit, innsynsrett, redaksjonelt sjølvstende og profesjonalitet, samt for oppbygginga av eit eineståande fagarkiv på desse felta.
Raya Bielenberg, Jahn Otto Johansen og Anne-Stine Johnsbråten for at dei tre gjennom sine tankevekkjande bidrag i ord, musikk og fotografi har retta søkjeljoset mot romfolkets situasjon og formidla verdifull innsikt i deira kultur og historie.
Simon Flem Devold for hans banebrytande engasjement som formidlar av born sine stemmer, livserfaringar og rettar gjennom spalta "På skråss" i Aftenposten, ofte med utgangspunkt i tabubelagte tema.
Louiza Louhibi for sitt mot i debatten om seksualisert vald mot kvinner og for aktivt å ha imøtegått ekstreme haldningar som har religiøs og politisk forankring.
  • 2011 - Odd S. Lovoll for hans betydelege bidrag til historieskriving om det norske Amerika.
  • 2010 - Harald Eia for gjennom programmet Hjernevask å ha utløyst ein av dei heftigaste debattane om forsking i nyare tid.
Dag Olav Hessen for at han på engasjerande vis har formidla vitskapeleg innsikt og delteke i offentleg debatt med velfunderte faglege innspel.
Bjørn Vassnes for sitt allsidige, kritiske og sjølvstendige bidrag til naturvitskapleg formidling og debatt.
Erik Fosse og Mads Gilbert for å ha formidla «eineståande augnevitneskildringar av sivilbefolkninga si liding under bombinga av Gaza».[3]
Ebba Haslund for eit langt livs engasjement i teneste for litteratur og ytringsfridom.
Sissel Benneche Osvold for hennar verksemd som ein skarp, velformulert skribent framborn av eit sosialt engasjement.
Niels Christian Geelmuyden for originale og frittalende bidrag i norsk offentlegdom.
  • 2006 - Tom Martinsen for unike bidrag til utvikling og formidling av norsk fotografi i fleire sjangrar: presse-, dokumentar- og kunstfoto.
  • 2005Trygve Refsdal og Hermund Slaattelid for deira særeigne innsats for å fremja folkedanning og offentleg ordskifte.
  • 2004Kristian Ottosen for hans eineståande bidrag til å framskaffa og formidla kunnskap om dei norske krigsfangane under andre verdskrigen.
  • 2003Willy A. Kirkeby for hans bidrag til norsk og internasjonal ordbokslitteratur.
  • 2002Ottar Brox for vesentlege bidrag til norsk samfunnsdebatt.
Åge Hovengen for sitt djupe og mangeårige engasjement for småkårsfolk og menneske på kant med samfunnet.
Jan Otto Hauge, Reidar Hirsti, Ivan Kristoffersen og Arve Solstad for deira innsats for sjølvstenda til avisene.
Kadra for modig avdekking av inhuman og straffbar kvinnehandsaming.
Erik Dammann for engasjert haldningsskapande innsats.
Ørnulf Ranheimsæter for framifrå essaykunst.
Kari Vogt for hennar bidrag til forståing av islam og muslimsk kultur.
Christian Norberg-Schulz for hans forfattarskap om arkitektur.
Rune Slagstad for hans utvikling av Nytt Norsk Tidsskrift og hans bidrag til samfunnsdebatten.
Cato Guhnfeldt for eit unikt historisk forfattarskap, basert på nitid, oppsøkjande gransking.
  • 1996Axel Jensen for nyskapande dikting og sterkt forsvar av ytringsfridomen.
Knut Wigert for utrøytteleg arbeid med Ibsenmuseet i Arbiens gate og for engasjert formidling av Ibsens ord.
Hans Petter Knudsen for iherdig forsking i historia om norsk folkelesing.
Helga Arntzen for initiativ til og verdifullt arbeid med skipinga Hvite busser til Auschwitz.
Arild Haaland for allsidig kulturarbeid og engasjert, utrøytteleg deltaking i samfunnsdebatten.
Dagmar Loe for dristig, undersøkjande journalistikk og usjølviske arbeidsmetodar i presse og Norsk Rikskringkasting.
Anne-May Nilsen for pionerarbeid som har gjort Det Åpne Teater til eit pustehol for nyare norsk dramatikk.
Arquebus krigshistorisk museum for iherdig, friviljug innsats for å bevara verdifullt materiale om Noreg under okkupasjonen.
Svein Ellingsen, Erik Hillestad og Egil Hovland for nyskapande verksemd innan kyrkjeleg kunst.
Egil Bakke for vedvarande og gledesspreiande økonomisk publisistisk verksemd.
Edvard Beyer for initiativet til og arbeidet med verket ’’Norsk Litteraturkritikks historie 1770-1940’’.
Elisabeth Gording for livslang innsats for barne- og ungdomsteater.
Bestemødrene foran Stortinget for utrøytteleg innsats for fred.
Sidsel Mørck for modig bruk av ordet i pionerinnsats for miljøvern.
Espevær Husmorlag for pietetsfull restaurering av Baadehuset.
Thomas Thiis-Evensen for framifrå kulturjournalistikk.
  • 1988Barthélemy Niava for å auka den mellommenneskelege forståinga ved å spreia kunnskap om afrikansk kultur i Noreg og gjera Noreg betre kjent i Afrika.
  • 1987Peter Wessel Zapffe for hans mangesidige og originale forfattarskap.
Harald Tveterås for hans banebrytande forsking i norsk forlagsverksemd, bokhandel og folkelesing.
Birgitte Grimstad for hennar allsidige innsats og vedvarande engasjement for å levandegjere norske og utanlandske viseskattar.
Lillebjørn Nilsen for fornyinga av norsk visetradisjon som han har gjeve, som forfattar, tonesetjar og utøvar.
  • 1986Åge Rønning for eit forfattarskap prega av skapande fantasi med utsyn langt utover våre landegrenser.
Odd Kvaal Pedersen for framsynt og vidtfemnande publisistverksemd om det undertrykte folket i Sør-Afrika og om U-landsproblem.
Radio Immigranten for aktiv bruk av sin sjølvstyrte nærradio til å fremja gjensidig forståing for kulturen og samfunnsforholda blant innvandrar og nordmenn.
Anders Bratholm for hans årelange engasjement og uredde bruk av det frie ordet i den offentlege debatten, seinast i høve med politivaldsaka.
  • 1985Johs. Andenæs for at han ved energisk bruk av det frie ordet har teke på seg oppgåva av å vera læremeister for heile vårt samfunn om rettens og rettferda sine grunnsetningar.
Carsten Smith for hans arbeid som formann for Samerettsutvalet.
Dag Sørli for sin innsats for det trykte ordet i vår nordlegaste landsdel.
  • 1984Arvid Hanssen for sin forfattarskap som har berika vår nasjonale visekunst og poesi i ekte, saftig, og stilrein nord-norsk språkform.
Lars Roar Langslet for ved ein kombinasjon av djervskap og varsermd å ha opna for forsøk med friare kringkastingsformer.
Alf Steinsøy for gjennom si monumentale bygdebok for Solund å ha vist slektsrøtene i denne vestlegaste busetjinga i landet vårt.
Anne-Lisa Amadou for hennar arbeid med å omsetja romansyklusen ’’På sporet av den tapte tid’’ av Marcel Proust til norsk.
  • 1982Hans Børli for det han har gjeve det norske folket gjennom diktinga si.
  • 1980Philip Houm for hans bidrag til kampen for åndsfridom og toleranse på eit område der togn og forkjetring av annleistenkjande ofte har vore eineherskande.
Hermod Skånland for konsekvent, og på open og uredd måte, å ha festa merksemda på betenkjelege sider ved utviklinga av øknomien i landet.
Anne Ma Ødegaard for bruk av det frie ordet til forsvar for ei svak gruppe, trass i at ho utsette seg sjølv for misbilliging og belastningar i eige miljø.
  • 1979Hans Heiberg (posthumt) for kraftfull, emnerik og uredd - men aldri uansvarleg - bruk av det frie ordet gjennom 50 år.

ReferansarEndra

  1. «Loveleen Rihel Brenna og Walid al-Kubaisi tildelt Fritt Ords Honnør». www.frittord.no. Henta 17. juni 2016. 
  2. Flemming Rose og Vebjørn Selbekk får Fritt Ords Honnør Pressemelding 31. august 2015
  3. «Gilbert og Fosse får Fritt Ords Honnør». TV2. 10. februar 2009. Henta 10. februar 2009. 

KjeldeEndra