Fritz Wotruba (fødd 23. april 1907 i Wien, død 28. august 1975 i Wien) var ein austerriksk bilethoggar, målar og teiknar og vert rekna som den fremste på sitt felt i Austerrike.

Fritz Wotruba
Fødd 23. april 1907
Wien
Død

28. august 1975
Wien

Yrke arkitekt, bilethoggar, universitetslærar, teiknar
Fritz Wotruba på Commons
«Mensch, verdamme den Krieg» («Menneske, fordøm krigen», 1932)

Han var ein pioner innan moderne austerriksk skulptur med abstraherte, blokkliknande menneskefigurar. Frå 1938 til 1945 var han busett i Sveits, og vart sidan lærar ved akademiet i Wien.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fritz Wotruba