Fruktknute
Wikimedia-fleirtydingsside
Fruktknuten (latin ovarium) er den nedre delen av fruktemnet hjå frøplantar. Fruktknuten inneheld eitt eller flere frøemne (ovule), som kan utvikla seg til frø etter befrukting.

a støvberar (androecium) g fruktblad (gynoecium) p kronblad (petal) s begerblad (sepal) r blomsterbotn (receptaculum). Festepunktet er der a, p og s møter kvarandre.
Fruktknuten er ofte ein utvida del av to eller fleire samanvaksne fruktblad.[1] Kronblad og begerblad kan vera festa over, under eller omkring fruktknuten.
Dei ytste delane av støvvegen, over fruktknuten, er griffel og arr. Dei tek imot pollen som spirer for så å veksa ned gjennom griffelen til fruktknuten. Deretter veks kvart enkelt pollenkorn inn i eitt enkelt frøemne.
Nokre vindpollinerte blomar har svært reduserte og modifiserte fruktknutar.
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «fruktknute» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Fruktknute» frå Wikipedia på bokmål, den 28. november 2017.