Frydendal kyrkje, tidlegare Ytre Søndeled kyrkje, er ei kyrkje som ligg på garden Grundesunds grunn i gamle Søndeled i Risør kommune. Kyrkja fungerer som kyrkje for heile Ytre Søndeled og Risør. Frydendal kyrkje er ei langkyrkje frå 1879 med om lag 300 sitteplassar.

Frydendal kyrkje
Frydendal kirke
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Aust-Nedenes
Sokn Risør
Fellesråd Risør
Type Langkyrkje
Arkitekt Henrik Nissen
Material Tre
Innvigd 20. august 1879
 - Endringar 1928
Tårn Tvillingtårn i vest
Klokker 2, 1878
Kyrkjegard Attmed kyrkja
Døypefont Av stein
Altartavle Stephan Sinding, 1879
Orgel Allen (digitalt), 2004
Sitjeplassar 300
Diverse Glasmåleri i austveggen 1928
Kart
Frydendal kyrkje
58°43′02″N 9°12′31″E / 58.717251°N 9.20860306°E / 58.717251; 9.20860306
Wikimedia Commons: Frydendal kirke

Soga endre

Kyrkja blei bygd i 1879, då folk så det for langt å gå heile vegen til Søndeled for å gå til kyrkja. I 1928 blei Frydendal kyrkja opna etter mykje arbeid både utvendig og innvendig. Då fekk kyrkja si nåverande form og farge.

Minneplata i våpenhuset er utforma av Alfred Seland frå Risør og ber namna til dei falne frå Ytre Søndeled under krigen i 1940 - 1945. Den blei hengt opp til kyrkjas 75-årsjubileum i 1954.

Sokneprestar endre

  • Albert Martin Valla og Per Oscar Berg er sokneprestar i Frydendal Kyrkje.
  • Robert Knudsen er ungdomsprest i Risør sokn og i Søndeled sokn

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre