Nord-Fugløya

(Omdirigert frå Fugløya i Karlsøy)

Nord-Fugløy, Fugløy eller Nordre Fugløy ligg ut mot Norskehavet, nordaust i Karlsøy kommune i Finnmark. Øya er ei klippeøy, 750 m på det høgaste og med eit areal på 22 km². Nord-Fugløy er eitt av dei mest kjende fuglefjella i Noreg, her hekkar Europa si største havørnstamme og store koloniar av alker, lundefugl og ærfugl. På grunn av det rike fuglelivet er øya freda som naturreservat.[1] Den store havørnbestanden var årsaka til at BBC valde å gjere opptak til ein film om havørna her i 1996.

Nord-Fugløya
Lundefuglen hekkar i tusenvis på Nord-Fugløy
Lundefuglen hekkar i tusenvis på Nord-Fugløy
Geografi
Stad Nord-Noreg
Koordinatar 70°15′53″N 20°13′59″E / 70.26472°N 20.23306°E / 70.26472; 20.23306

Areal 22 km²

Høgaste punkt Fugløykallen (750 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Finnmark

Like nord for Nord-Fugløy ligg Fugløykalven fyrstasjon på ein bratt holme. Han vert rekna som ein av dei mest isolerte fyrstasjonane i landet med dårlege landingsforhold; farvatnet rundt Fugløykalven er veldig ureint.

Tett inntil Nord-Fugløy er det rike fiskefelt, mellom anna Fugløybanken, som ligg vest for øya. Dette har medført at øya har hatt fast busetnad fram til 1950-talet. Dei siste tiåra har øya vore fråflytta. Nord-Fugløy er rik på ressursar, med kjøt, egg og dun frå sjøfuglane, oter, havert, multer, sløke, kvann og syre. I tillegg til dei nære fiskeplassene har øya grasrike lier.

Gammal tid endre

Nord-Fugløy var ikkje busett på 1500-talet, men mykje tyder på at øya då har vore eit samisk bruksområde. Den samiske folkesetnaden i området hadde eksklusive rettar til øya fram til 1609. På denne tida inndrog staten øya som krongods, og byrja å leggje avgifter på utnyttinga. Det er funne tufter etter rorbuer på øya, truleg har det vore utrorsvær basert på tilreisande fiskarar her, for vår- og sommarfiske. Nord-Fugløya kom i privat eige rundt 1660 etter at danskekongen selde krongodset.

Eigarar og forpaktarar endre

På 1700-talet var Nord-Fugløy ått av proprietærgodset. Frå 1754 vart øya forpakta. Handelsmann Hans Petter Giæver i Maursund hadde forpaktingsrettane fram til om lag 1790, då gjestgjevaren Hans Figenschou Lockert i Vannvåg overtok. I 1840 vart øya forpakta av gjestgjevaren Mathias Dreyer på Karlsøya, som kjøpte øya i 1846. Ein Høeg overtok øya etter han. I 1899 kjøpte Christian Figenschou på Helgøya øya frå sorenskrivar Figenschou. I 1901 gjekk Christian Figenschou i kompaniskap med kjøpmann Fritz Dreyer i Tromsø og danna Nord-Fuglø Interessentskab. Dei to åtte så øya i fellesskap. I 1923 overtok Christian Figenschou si dotter Charlanka og mannen hennar Bjarne Bottolfsen øya og etablerte seg som fastbuande væreigarar. I løpet av 1930-åra vart all drifta nedlagd. I dag er øya ått av et sameige, der moltene vert hausta i årbyte mellom tre eigarar (sysken).

Busetnad endre

Det vart gjort fleire freistnader med busetnad på Nord-Fugløy ut over 1700-talet, men det vart gjeve opp på grunn av dei særs vanskelege landingstilhøva. Dønningar frå havet kunne gjere det uråd å kome til og frå øya i dagevis og i uvêrsperiodar kunne det gå vekevis før nokon kunne kome i land. Det fanst ingen naturlege hamner på øya, noko som gjorde at dei rike ressursane berre vart utnytta sesongvis. Men på 1830-talet flytta nokre samiske familiar ut til øya, og dei greidde å busetje seg her trass i dei vanskelege tilhøva. Dei utnytta ressursane på øya, dreiv med sanking og fangst av fugl og fisk. Men det vert sagt at det sjeldan gjekk eit år utan at det omkom folk i fuglefjellet. I 1891 budde det fem familiar på øya, med 15 storfe og 142 småfe, og i 1910 var det 66 innbyggjarar her. Det har budd rundt 10 familiar her på det meste, i tillegg til tilreisande fiskarar i sesongane. Folk frå øyane rundt kom òg til øya for sanking av egg om våren og molter om hausten. I tillegg til utnyttinga av naturressursane, vart det drive jordbruk på øya. Dette var viktig spesielt i dei periodane øya på grunn av dønningane var isolert frå omverda.

Fiskevær endre

Mellom 1900 og 1920 hadde Nord-Fugløy ei stordomstid som fiskevær, ein stor småbåtflåte dreiv no fiske frå øya. I 1901 låg det 25 mann på vinterfiske her. Same år fekk Indre Gamvik betra støa og murt ein liten molo, noko som kunne gje vern for 50-60 småbåtar. Det vart bygd kai, brygge, rorbuer, pakkhus, tranbrenneri og damperi, butikk, smie og styrarbustad, og det vart sett opp fiskehjeller. Moloanlegget vart øydelagt av storm alt fyrste vinteren, og måtte byggjast opp att. Året etter vart òg fleire rorbuer knuste av storm. Òg i Laukvik vart det etablert rorbuer, trandamperi, pakkhus, kai og bustad. Nord-Fugløy produserte tørrfisk, saltfisk, russefisk, tran og rogn. Like etter hundreårsskiftet 1900 fekk Nord-Fugløy òg skule, dampskipsanløp i 1906 og postkontor nokre år seinare. Dampskipa med post og passasjerar kunne derimot ha mange veker med opphald mellom kvar gong dei var i land når det var uvêr. Rundt 1930 fekk øya radiotelefonsamband med omverda.

Turistar og diktarar endre

Forfattaren Nordahl Grieg vitja Nord-Fugløy på 1930-talet. Han ynskte å lage ein spelefilm frå øya, men vart hindra då den andre verdskrigen braut ut. Han nytta derimot inntrykka frå Nord-Fugløy då han skreiv minnediktet sitt til Viggo Hansteen i 1942-1943, der han omtalar den store grasbrannen i fuglefjellet. I mellomkrigstida vitja fleire kjende personar Nord-Fugløy, mellom andre Carl Schøyen, Karl Evang og den svenske forfattaren S. Rosendal.

Fråflytting endre

Etter krigen gjekk det tilbake med samfunnet på Nord-Fugløya. Motoriseringa av fiskeflåten gjorde at nærleik til fiskebankane ikkje vart like viktig som før, og dei dårlege hamnetilhøva på øya gjorde sitt til nedgangen av aktivitet og busetnad. I 1951 vart postkontoret nedlagt og like etter flytta dei siste fastbuande frå øya. Nord-Fugløy er no freda med sterke restriksjonar på landstiging. Men framleis driv grunneigarane med sanking av egg og molter i sesongane.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre