Fuglsetfjorden er ein fjordarm på sørsida av Sognefjorden i Høyanger kommune. Han strekkjer seg 8 km inn til bruket Førde i botn av fjorden.

Fuglsetfjorden
Føsundbrua over Fuglsetfjorden.
Foto: Frode H. Korneliussen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Høyanger
Kart
Fuglsetfjorden
61°05′54″N 5°49′57″E / 61.0983°N 5.83236694°E / 61.0983; 5.83236694

Fjorden har innløp mellom Krossen i vest og Eidesberget i aust ved foten av Seglet som stig bratt opp til 751 moh. Rett sør for Eidesberget går den vetle Eiesfjorden inn til Søreide. Fuglsetfjorden går vidare sørover mellom Kroppefjellet (679 moh) og Leirnesstøken (643 moh) som begge stupar ned i fjorden på kvar si side. Nedanfor Kroppefjellet på vestsida ligg bygda Bjordal. Rett sør for Bjordal ligg grendene Hest og Osland og her går det bru over fjorden med ei lengd på om lag 200 meter langs Fv8. Frå her går fjorden to km vidare sørover til Førde.

Fv8 går langs vestsida av fjorden frå Osland og nordover, medan Fv92 går langs heile austsida.