For elva med same namn, sjå elva Fulda.

Fulda er ein by i Tyskland i delstaten Hessen med om lag 105 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Fulda

Fulda
Domkyrkja i Fulda
Domkyrkja i Fulda
Domkyrkja i Fulda
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Fulda
Fulda is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Hessen
Kassel
Fulda
Grunnlagd 744
Geografi
Flatevidd
 - By

104,04 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

63 958
  615/km²
Koordinatar 50°33′0″N 9°41′0″E / 50.55000°N 9.68333°E / 50.55000; 9.68333
Høgd over havet 261 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 36001–36043
Telefon-retningsnummer 0661
Bilnummer FD
Heimeside: www.fulda.de

Historie endre

Eit benediktinarkloster vart grunnlagd her i 744 av St. Sturm, ein dissippel av St. Boniface, mellom anna som ein base for Karl den store sin hær i hans politiske og militære felttog for å øydeleggje Sachsen. Klosteret fekk mykje støtte frå rike familiar i Frankrike.

Etter at St. Boniface vart martyrdrepen av frisarane vart leivningane hans ført tilbake til Fulda, og donasjonane auka som følgje av dette slik at Fulda kunne opprette underhus lenger borte, som i Hameln.

Mellom 790 og 819 vart klosterkyrkja bygd om for å huse leivningane. Dei baserte den nye basilikaen på Gamle St. Peters Basilika i Roma. Krypten til den opphavlege klosterkyrkja inneheld framleis leivningane, men kyrkja vart seinare renovert i barokkstil. Den store lærde Rabanus Maurus var abbed frå 822 til 842.

Med grunnlag i klosteret vart Fulda og det omliggande området gjort til fyrstedøme underlagt den tyske keisaren. Fulda vart eit bispedøme i 1752 og fyrsteabbeden fekk tittelen fyrstebiskop. Fyrsteabbedane, og seinare fyrstebiskopane, styrte Fulda og det omliggande området fram til bispedømet vart oppløyst med tvang av Napoleon I sine styrkar i 1802.

Byen vart ombygd i ein barokk stil på 1700-talet. Frå 1764 til 1789 hadde Fulda ein porselensfabrikk. På grunn av kvaliteten og at det vart laga få eksemplar er produkta svært ettertrakta av samlarar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fulda