Opna hovudmenyen

Fulgencio Batista

kubansk politikar

General Fulgencio Batista y Zaldívar (16. januar 19016. august 1973) var de facto leiar av Cuba frå 1933 til 1940 og den offisielle presidenten i landet frå 1940 til 1944 og igjen frå 1952 til 1959.

Fulgencio Batista
Fulgencio Batista, 1938.jpg
PartiLiberal Party of Cuba, Democratic Socialist Coalition, Progressive Action Party, United Action Party
Fødd16. januar 1901
FødestadBanes
Død6. august 1973
DødsstadMarbella
EktefelleMarta Fernandez Miranda de Batista, Elisa Godinez Gomez de Batista

Batista vart fødd i Banes på Cuba i 1901 og ein reknar han for å vera mulatt. Han gjekk inn i hæren i 1921. Sersjant Batista leia i 1933 det såkalla «Sersjantopprøret» som avsette interimregjeringa til Carlos Manuel de Céspedes, som tidlegare hadde styrta Gerardo Machado. Ramon Grau vart president og Batista vart stabssjef for hæren og kontrollerte i røynda presidentembetet. Grau var president i berre litt meir enn hundre dagar før han vart avløyst av Carlos Mendieta y Montefur (som sat elleve månader), etter det igjen av Jose Barnet y Vinajeras (fem månader), og så av Miguel Gomez y Arias (sju månader) før Federico Laredo Bru klarte å styra frå desember 1936 til oktober 1940.

I oktober vart Batista folkevald president på Cuba. I 1944 vart Batista med ei lovendring nekta å stilla til attval og han vart etterfølgd av Ramon Grau. Batista trekte seg att til frivillig eksil i Florida, før han vende att i 1952.

Batista organiserte eit militært statskupp den 10. mars 1952, og styrta Carlos Prio Socarras (vald i 1948) og vart diktator. Regjeringa hans var på god fot med den nordamerikanske regjeringa og mafiaen. Eit utal nordamerikanske selskap gjorde det godt på Cuba og øya vart eit viktig turistmål. Men dei økonomiske depresjonane i 1950-åra auka motstanden mot Batista, då innfødde kubanarar såg seg sjølv verta marginaliserte i sitt eige land etter inntoget av nordamerikanske turistar og forretningsføretak.

Bland dei mange motstandarane av Batista var Fidel Castro. Castro hadde prøvd å utfordra kuppet juridisk, men kravet hans vart avvist. Castro vart sett i fengsel etter å ha leia eit klossete og dyrt åtak på Moncada-basen i juli 1953. Det var i fengsel at han skreiv den sjølvbiografiske boka, La historia me absolverá (Historia vil frikjenna meg).

Med hjelp frå jesuittane vart Castro sett fri etter eit amnesti i mai 1955 og drog i utlegd i Mexico og USA der han planla nok eit kuppforsøk. Då Castro vende att til Cuba som leiar av 26. juli-rørsla, hende det med enda eit katastrofalt åtak i desember 1956. Berre Castro og elleve andre overlevde og trekte seg att i fjella og førte derifrå ein geriljakrig.

I mai 1958, sette Batista i gang eit stort åtak mot Castro og dei andre opprørsgruppene (som ikkje var knytt til Castro). Styrkane til Castro vann ei rekke sigrar, trass i at dei var mange færre (dei talde færre enn hundre mann), hjelpt av den massive deserteringa bland hæren til Batista. Mot dette bakteppet av aukande borgarkrig, heldt Batista, som etter grunnlova var hindra i å halda fram som president, eit val der favorittkandidaten hans, Carlos Rivero Aguero, slo Grau. Den 1. januar 1959 flykta Batista og Rivero til Den dominikanske republikken, og styrkane til Castro marsjerte inn i Havanna.

Batista flytta til permanent eksil i Portugal og Spania, og døydde i Guadalmina i Spania.