Fuornpasset eller Ofenpasset er ein fjellovergang i kantonen Graubünden i Sveits. Fjellvegen, som går opp i 2 149 meter over havet, knyter saman Val Müstair med Nedre Engadin. Vegen er også ei viktig ferdselsåre mellom Graubünden og Vinschgau i Sør-Tirol.

Fuornpasset
fjellpass
Land  Sveits
Del av Q47044627
Kart
Fuornpasset
46°38′23″N 10°17′33″E / 46.639722222222°N 10.2925°E / 46.639722222222; 10.2925
Wikimedia Commons: Ofenpass
Utsyn nordover frå passhøgda åt Fuornpasset

Fjellvegen over Fuornpasset er open heile året.

Soge endre

Namnet kjem av at ein i området i tidlegare tider dreiv med smelting av jarn. Ruinar av smelteomnar (retoromansk fuorn, tysk ofen) kan ein sjå fleire stader nær køyrevegen. Allereie i mellomalderen var fjellovergangen mykje brukt i handelen mellom Sveits og Venezia. Køyrevegen over Fuornpasset stod ferdig i 1871.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Fuornpasset